
For alle
- Heile VEKAO!
16. mars - 26. mars
Billettlink finner du her.
Følg oss på Facebook og instagram for meir informasjon.
Grøn festival i Sogndal!
I mars arrangerast VEKAO i Sogndal som tradisjon tro. Dagane og kveldane blir fylt med kulturelle opplevingar og ulike aktivitetar for heile bygda!
#ForAlleHeileVekao
VEKAO ynskjer å skape ein festival som går i takt med samfunnet vi lever i i dag. Eit fokus på kvalitet, tryggleik og miljøbevisste val. Vi vil at våre gjestar skal gå heim med den beste festivalkjensla.
Vi alle har eit samfunnsansvar, og i år har VEKAO tatt eit val om å vere ein miljøvennleg festival. I samarbeid med grøn festival av Brak har vi i år forplikta oss til dette. Det betyr at vi ynskjer å minimere vårt klimaavtrykk i forbindelse med avvikling av VEKAO. Ulike punkt som er viktige i prosessen er transport, avfall, energi og innkjøp. Vi oppmodar alle våre samarbeidspartnerar til å ta del i denne prosessen. Saman kan vi vere meir berekraftige.
Dersom du ynskjer å vere frivilleg kan du fylle ut vårt frivillig skjema her!
Kva for nokre goder får ein som friveleg?
-
Attest på frivilleg arbeid
-
Mat og drikke medan du er på jobb
Spørsmal om Grøn festival? les mer her og her.