VEKAO

For alle - heile VEKAO!

VEKAO

I ti dagar til ende vert saftbygda Sogndal forvandla til eit fyrverkeri av kulturelle opplevingar! Med daglege arrangement på Studenthuset Meieriet og eit breitt mangfald av aktivitetar i nærområdet, finn ein noko for ein kvar smak. På dagtid kan ein vere med på alt frå ølkurs til swingkurs, multisport, skileik og isbading, og på kveldane blir Meieriet fylt til randen når både norske og internasjonale artistar som lagar fantastisk liv på scena!

VEKAO har fått rykte på seg for å ha ei av dei beste konsertscenene i landet – få konsertlokal klarar å slå Tanken når glade studentar, bygdafolk og andre tilreisande fyller den. Det er ikkje tilfeldig at både nasjonale og internasjonale artistar kjem att år etter år, og at mellom 6000-7000 personar årleg besøker VEKAO!

Følg VEKAO på facebookInstagram og SnapChat @vekaoisogndal

KJØP BILLETTAR HER

MEN utan våre frivillige kjem vi oss ingen veg! Difor treng vi akkurat DEG til å hjelpe oss <3 

Søkerskjemaet blir tilgjengeleg her så snart vi tar imot søknadar <3

SØK HER! <3

Kva for nokre goder får ein som frivillig? 

1. 50% på alle billettar

2. VEKAO reserverer billettar til alle arrangement for deg som frivillig

3. Gå forbi køa fram til klokka 00:30

4. Mat og drikke medan du er på jobb

5. Attest på frivillig arbeid som ser supert ut på CVen

6. Frivilligfest, opplæring og nye vener

7. Ei råstilig, spesialdesigna t-skjorte