Bli VEKAO-friveleg 2021!

Oppdatert: jan. 13

No er VEKAO2021 under planlegging, og vi gler oss stort til å sjå kor den sterke komitéen vil ta oss.




MEN for at vi skal få festivalen til å gå rundt, treng vi mange mange mange frivillige :D


Når ein er VEKAO-frivillig er ein med og jobbar under VEKAO. Det er mange ulike frivillig-grupper ein kan ta del i, men det som er gjennomgåande er at ein kvar VEKAO-frivillig er med på å spreie glede, hjelpe andre og gje gjestane ei god oppleving under festivalen. Som frivillig er ein med på å gjere VEKAO til noko heilt spesielt. Utan frivillige ville det ikkje ha vore noko Meieriet og heller ikkje noko VEKAO, og nettopp difor er dei frivillige veldig veldig veldig viktige <3



Kva for nokre goder får ein? Moglegheiten for å reservere bord. Mat og drikke medan du er på jobb. Attest på frivillig arbeid som ser supert ut på CV-en. Frivillegfest, opplæring og nye vener.

Såååå meld deg som frivillig HEEEEEER!!