Vedtekter for Studenthuset Meieriet

Vedtekter for Studenhuset Meieriet har som føremål å informere medlemmar om kva arbeid Studenthuset skal vektlegge i løpet av semesteret. I vedtektene kan du sjå retningslinjar vi skal følgje for å legge til rette for eit godt studentmiljø her på huset.

§ 1 Organisasjon

  • 1‐1 Organisasjonens namn er Studenthuset Meieriet.
  • 1‐2 Studenthuset Meieriet er en uavhengig og frivillig drevet organisasjon som skal legge til rette for kulturverksomheit for studentane i Sogndal.
  • 1‐3 Organisasjonen har sin tilknyting til Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal.
  • 1‐4 Studenthuset Meieriet er partipolitisk uavhengig.

 

§ 2 Formål

  • 2‐1 Studenthuset Meieriet skal arbeide for at studiekvaliteten vert forbetra gjennom studentsosiale aktivitetar. Studenthuset Meieriet har som føremål å utvikle den sosiale kontakten mellom studentane og resten av høgskule- og forskingsmiljøet i Sogndal.

 

§ 3 Definisjonar

  • 3‐1 Medlem: Alle personer med medlemsrett som har betalt medlemskontingent for inneverande studieår.
  • 3‐2 Medlemsbevis: Digitalt eller fysisk bevis på medlemskap.
  • 3‐3 Frivillig: Med frivillig menes medlemmer som har skrevet under kontrakt med Studenthuset Meieriet, og overhelder plikter og rettigheter som fremgår i denne kontrakten.
  • 3‐4 Generalforsamling: Generalforsamlinga er det overordna beslutningsorganet til Studenthuset Meieriet.
  • 3‐5 Styret: Styret er det overordna beslutningsorganet til Studenthuset Meieriet mellom Generalforsamlingane. Styret skal ivareta drift i henhold til Studenthuset Meieriet sine vedtekter og styringsdokumenter.
  • 3‐6 Settevara: Eit styremedlem som sitter midlertidig i sin stilling.
  • 3-7 Kumlokket: The Dogs-kumlokket kjøpt av informasjonsansvarleg i 2019.

 

§ 4. Målform

  • 4-1 Studenthuset Meieriet er ein organisasjon som er språkleg nøytral. Studenthuset nyttar nynorsk og bokmål som likestilte målformer. Alt skriftleg materiell skal veksle mellom målformene slik at ingen av dei to målformene er representert med mindre enn 25 prosent. Alle innkomne skriv skal ha svar på målforma nytta i det innkomne skrivet.

 

§ 5. Kontingent 

  • 5-1 Medlemskontingenten skal betalast ein gong kvart studieår. Kontingenten skal fastsetjast av Generalforsamlinga kvart år.

 

§ 6 Medlemskap

  • 6-1 Alle studentar, tilsette og styremedlem ved Høgskulen på Vestlandet (HVL), tilsette og styremedlem i Studentsamskipnaden på Vestlandet (SAMAN), Vestlandsforsking og elevar ved Helgheim folkehøgskule som er over 18 år, har rett til å verte medlemmer i Studenthuset Meieriet. Ektefelle/sambuarar til dei nemnte har og høve til å verte medlemmer. Studenthuset tilbyr halvt medlemskap til utanlandsstudentar og praksisstudentar som er i Sogndal delar av året. Styret kan også innvilge medlemsrett til personar som ønsker å være medlem men ikkje fyller krava satt i denne paragrafen så lenge det ikkje strider mot andre vedtekter.

 

  • 6-2 Medlem er alle personer med medlemsrett, og som har betalt medlemskontingent for inneverande studieår. Når ein nyttar seg av medlemsfordelane til Studethuset må ein vise gyldig medlemsbevis. Misbruk av medlemsbevis fører til ekskludering.

 

  • 6-3 Alle medlemmar på Studenthuset Meieriet skal delta på medlemsvakt ein gong i løpet av eit studieår. Dersom medlemsvakta ikkje vert gjennomført vil dette medføre at ein mistar sitt medlemskap. Unntaka frå medlemsvakt kan være tilsette ved Lægreid Hotell, og er tilsette ved HVL, Vestlandsforsking, SAMAN samt livsvarige medlemmar i Studenthuset Meieriet. Styret er ansvarlege for at det eksisterar eit konkret reglement.

 

  • 6-4 Personar som ikkje er medlemmer har tilgjenge på enkelte arrangement, men lyt betala høgare billettpris enn medlemmer.

 

  • 6-5 Alle som har sete i styret på Studenthuset Meieriet gjennom ei heil valperiode, eller har blitt stemt inn på ei ekstraordinærgeneralforsamling. Får livsvarig medlemskap på Studenthuset Meieriet.

 

  • 6-6 Styret på Studenthuset Meieriet har fullmakt til å innvilge livsvarig medlemskap til personar som har gjort ein særskild innsats for Studenthuset Meieriet.




§ 7 Frivillige

  • 7-1 Frivillige sin forplikting, rettigheter og godtgjørsler regulerast av stillingsinstrukser etter egne retningslinjer. Styret har ansvar for utforming og eventuelle endringar av stillingsinstruks i samråd med gruppas medlem.
  • 7‐2 De frivillige organiserast av styret i grupper som skal ivareta de ulike oppgåvene knytt til Studenthuset Meieriet.

§ 8. Generalforsamling

  • 8-1  Generalforsamlinga er det høgste organet på Studenthuset Meieriet. Den set opp retningsliner for komande periode.

 

  • 8-2 Alle som kan vere medlem (jfr. § 6-1.) på Studenthuset Meieriet, har rett til å møte på Generalforsamlinga.

 

  1. Alle medlemmer har tale‐, forslags‐ og stemmerett.
  2. Alle oppmøtte har talerett og kan innvilges forslagsrett ved alminnelig fleirtal i Generalforsamlinga.

 

  • 8‐3 Fristar
    Blank
  1. Ordinær Generalforsamling skal avviklast innan utgangen av april.

Blank

  1. 21 dagar før Generalforsamling skal første innkalling sendes ut til alle medlemmer. Denne skal innehalde dato, tidspunkt og informasjon om korleis ein sender inn saksforslag til Generalforsamling.
    blank
  2. 14 dagar før Generalforsamling skal alle saker som ein ynskjer å ta opp skal vere styret i hende.
    Blank
  3. 7 dagar før Generalforsamling skal sakslista og forretningsorden leggjast fram.
    Blank
  4. Protokollen frå Generalforsamlinga skal gjøers offentlig så snart som råd etter den er godkjent av protokollunderskrivere, og senast fire veke etter Generalforsamlingas slutt.

 

  • 8-4 Dagsorden

Generalforsamlinga skal handsame følgjande saker:

  • Val av møteleiar og referent
  • Godkjenning av innkalling og saksliste
  • Årsmelding
  • Rekneskap for føregåande rekneskapsperiode, kontingentsatsar i komande periode, etter innstilling frå styret.
  • Vedtektsendringar.
  • Godkjenning av styret sin rapport frå arbeidet med handlingsplanen.
  • Godkjenning av handlingsplan for komande styreperiode.

Val av:

- Styreleiar

- Nestleiar

- Økonomiansvarleg

- Styremedlem Arrangement

- Styremedlem Drift

- Styremedlem Informasjon

- Styremedlem Kreativ

  • Innkomne saker.

 

  • 8‐5 Ekstraordinær Generalforsamling
  1. Styret kan innkalle til ekstraordinær Generalforsamling.

  2. Minst 10% av medlemmene, ved skriftlig søknad, kan krevje at styret innkallar til ekstraordinær generalforsamling.

  3. Krav om ekstraordinær Generalforsamling skal innehalde oversyn over kva saker som krev handsaming. Er det ikkje oppgjeve kva saker som skal handsamast, vert ikkje kravet om ekstraordinær Generalforsamling sett på som gyldig.

  4. Styret innkallar til ekstraordinær Generalforsamling med minst to veker varsel.

  5. Ekstraordinær Generalforsamling skal bare behandle den/de sakene som gjør ekstraordinær generalforsamling nødvendig.

  6. Dersom krav om ekstraordinær Generalforsamling blir sett på som gyldig skal styret utan ugrunna opphald kalle saman til ekstraordinær Generalforsamling

 

§ 9 Val

  • 9‐1 Alle medlemmer er valbare, om ikkje anna går frem av vedtektene eller

mandat.

  • 9‐2 Valmåte
  1. Alle val er personval. Val i blokk er ikkje tillat.
    d
  2. Ingen kandidatar kan fremjas mot sin vilje. Dersom kandidaten ikkje er tilstade under valet, må stadfesting på kandidaturet levers til styret før Generalforsamling.

 

  1. Val går føre seg skriftlig, eller ved akklamasjon dersom det bare er ein kandidat.
  • 9‐3 Valmetode ved skriftlig val:

Dersom val går føre seg skriftlig nytta ein stemmesetlar, og stemmer blir gjeve etter

kandidatane er presentert. Bare nominerte kandidatar kan føres opp på

stemmesetelen.

 

Kandidatar man ønsker å stemme på vert skreve på stemmesetelen i

prioritert rekkefølge og nummerert 1, 2, 3 osv.., der 1 er høyste

prioritering. Stemmesetlar som inneheld andre namn enn kandidatanes og

unummererte stemmesetlar blir kasta.

 

Ved oppteljing gis første prioritering vekttall 1/1,
2. Prioritering vekttall 1/3,
3.prioritering vekttall 1/5,
4. Prioritering vekttall 1/7, 5. Osv.
Talrekka som blir nytta for prioritering er 1/(2n‐1).
Dvs. att det talle 1 deles på stiger med 2 for kvar prioritering.

Vekttallene summerast til kandidatanes stemmetall. Den kandidaten med høyst stemmetall blir vald. Ved stemmelikskap gjennomførast valet på nytt. Dersom det fortsatt er stemmelikskap etter andre valgrunde vert valet avgjort ved loddtrekning.

 

  • 9‐4 Kandidatar til verv må ha minst 1/3 av stemmene for å bli valt.

  • 9-5 Ikkje gjennomførd val

Dersom Generalforsamlinga ikkje får vald inn personar til eit eller fleire verv i styret har Generalforsamlinga muligheit til å sette inn ein settevara i det eller dei verva som manglar. Settevara fungerer som et styremedlem og har like plikter og rettigheter som andre styremedlemmer.

§ 10 Valkomité 

  • 10-1 Styret skal innan utgangen av februar setje ned ein Valkomité som skal førebu val på Generalforsamlinga. Om det trengs supplering til styret i november/desember, skal styret setje ned ein valkomite i oktober.

 

  • 10-2 Samansetjing

Valkomiteen skal vere samansett av:

  • Minst to representantar frå kvart kjønn
  • Ein førsteårsstudent
  • Ein undergruppeleiar
  • Ein representant frå ein ekstern studentorganisasjon i Sogndal.
  • Det sitjande styret skal vere representert i valkomiteen.

Valkomiteen konstituerer seg sjølv, og på første møte skal det vere val av leiar for valkomiteen.

 

  • 10-3 Arbeidsoppgåver

Valkomiteen skal seinast 9 dagar før Generalforsamlinga ha lagt fram lister med aktuelle kandidatar til dei forskjellige styrepostane. Alle aktuelle og interesserte kandidatar skal være med på lista. Valkomiteen rangerer desse etter eige skjønn. Generalforsamlinga kan krevje skriftleg val.

 

  • 10-4 Valkomiteen til val

Valkomiteen kan ikkje stille til val.

 

  • 10-5 Rapport

To veker etter generalforsamling skal valkomiteen levere ein evalueringsrapport av sitt arbeid.

 

§ 11 Styret

  • 11-1 Funksjonstid

Styremedlemmar vert vald for eitt år. Styremedlemmar som ynskjer å sitja lengre i styret, kan etter eige ynskje stilla til attval for ein periode på eitt eller to semester. Styremedlemmar valde på generalforsamlinga trer inn i stillinga 1.juni. Styremedlemmer som trer ut av stillinga etter vårsemesteret sit i stillinga til og med 31.mai. Styremedlemmar som trer ut av styret i haustsemesteret sit i stillinga til og med 14. januar der dette er mogleg.

  • 11-2 Styret består av:
    • Styreleiar
    • Nestleiar
    • Økonomiansvarleg
    • Styremedlem Arrangement
    • Styremedlem Drift
    • Styremedlem Informasjon
    • Styremedlem Kreativ

 

  • 11-3 Mynde

Styret er det høgste organet mellom Generalforsamlingane og skal sørgje for at vedtak som vert fatta på Generalforsamlinga vert realisert. Styret fattar vedtak med simpelt fleirtal. Kvar av styremedlemmene har ei stemme. Ved likt tal på stemmer har leiaren dobbeltstemme.

 

  • 11‐4 Om eit styremedlem trekk seg frå styret, har styret muligheit til å sette inn

en settevara frem til neste ordinære Generalforsamling. 

 

§ 12 Strategi og Handlingsplan 

  • 12-1 Strategiplan 

Studenthuset Meieriet skal drive etter ein langsiktig strategiplan. Denne skal rullerast på Generalforsamlinga kvart 5. år.

Endringar i strategiplanen skal opp til vedtak på generalforsamling.

 

  • 12-2 Handlingsplan

Styret på Studenthuset Meieriet skal arbeide etter ein handlingsplan. Denne skal rullerast på generalforsamling kvart år

§ 13 Divisjonane og Undergruppe

  • 13-1-1 Divisjonane

Studenthuset Meieriet har 4 divisjonar. Desse er:

  • Divisjon Drift
  • Divisjon Arrangement
  • Divisjon Informasjon
  • Divisjon Kreativ

 

  • 13-1-2

Leiarane for divisjonane er; Styremedlem Drift, Styremedlem Arrangement, Styremedlem Informasjon og Styremedlem Kreativ. Desse har det operative hovudansvaret og det økonomiske oppfølgingsansvaret for divisjonane på Studenthuset.

 

  • 13-1-3

Leiarane for divisjonane har også ansvar for initiering av og tilrettelegging for nye aktivitetar som naturleg fell under divisjonane.

 

  • 13-1-4

Undergruppeleiarar vert valt demokratisk med alminneleg fleirtal av medlemmane i undergruppa, og deretter godkjent av styret. UGL Booking, Medlemsansvarleg og UGL Bar- og Vaktgjengen velges direkte av styret på Studenthuset Meieriet.

 

  • 13-1-5

Leiarane for divisjonane har møte- og talerett på alle møter i divisjonen sine undergrupper.

 

  • 13-2 Divisjon Drift 
  • 13-2-1

Divisjon Drift har desse undergruppene:

  • Bar- og Vaktgjengen
  • Kafégjengen
  • Lyd- og Lysgjengen
  • Vaktmestergruppa
  • DJ-gruppa

Divisjon Drift har i tillegg Medlemsansvarleg.

 

  • 13-2-2

Leiarane for undergruppene i Divisjon Drift vert utnemnd av- og har det økonomiske ansvaret overfor styret. Leiarane er i samarbeid med Styremedlem Drift ansvarleg for rekruttering og den daglege drifta av undergruppene.

  • 13-3 Divisjon Arrangement 
  • 13-3-1 

Divisjon Arrangement har desse undergruppene:

  • Booking/artistvert
  • Festkulturgjengen
  • Quizgjengen
  • VEKAO

 

  • 13-3-2

Leiarane for undergruppene i Divisjon Arrangement vert utnemnd av- og har det økonomiske ansvaret overfor styret. Leiarane er i samarbeid med Styremedlem Arrangement ansvarleg for rekruttering og den daglege drifta av undergruppene.

 

  • 13-4 Divisjon Kreativ 
  • 13-4-1

Divisjon Kreativ har desse undergruppene:

  • Bandgruppa
  • Dansegruppa
  • Meiografen
  • Rollespel
  • Song

 

  • 14-4-2

Leiarane for undergruppene i Divisjon Kreativ vert utnemnd av- og har det økonomiske ansvaret overfor styret. Leiarane er i samarbeid med Styremedlem Kreativ ansvarleg for rekruttering og den daglege drifta av undergruppene.

 

  • 13-5 Divisjon Informasjon
  • 13-5-1

Divisjon Informasjon har desse undergruppene:

  • Blest 
  • IT-gruppa

 

  • 13-5-2

Leiarane for undergruppene i Divisjon Informasjon vert utnemnd av- og har det økonomiske ansvaret overfor styret. Leiarane er i samarbeid med Styremedlem Informasjon ansvarleg for rekruttering og den daglege drifta av undergruppene.



  • 13-6 Divisjonsmøte

Kvar divisjon, med alle tilhøyrande undergruppeleiarar og tilhøyrande styremedlem, skal jamleg ha divisjonsmøter. Divisjonsmøta skal fungere som eit idé- og informasjonsforum.

 

  • 13-7 Evalueringsseminar

Styret skal ved slutten av kvart semester innkalle alle undergruppeleiarar til eit felles evalueringsseminar der det siste halvåret vert evaluert grundig. Dette seminaret bør og leggje planar for neste halvår.

 

§ 14 Alminnelege avgjersle 

  • 10-1 Eksklusjonar

Ingen medlemmer av, eller sympatisørar for organisasjonar som står for eit klart nazistisk, rasistisk eller diskriminerande standpunkt, har høve til å bli medlemmer av Studenthuset. Styret har rett til å ekskludere medlemmer som har eit slikt standpunkt, og enkeltpersonar som står for eller ytrar nazistiske, rasistiske eller diskriminerande standpunkt.

 

  • 10-2 Vedtektsendringar

Vedtektsendringar vert vedteke av Generalforsamlinga og må skje med 2/3 fleirtal. Generalforsamlinga avgjer tidspunkt for når vedtektsendringane skal setjast i kraft, og ikkje seinare enn 6 månader etter Generalforsamlinga. Vedtektsendringar som medlemmer vil fremma på Generalforsamlinga må sendast den daglege leiinga seinast 14 dagar før Generalforsamlinga. Berre vedtektsendringsforslag som er innlevert innan denne fristen kan takast opp på Generalforsamlinga.

 

  • 10-3 Kumlokket

Kumlokket vere lett synlig for aktive flest under kontoretsåpningstid, vist kumlokket skal lagrast ein plass der det ikkje er synlig for kan det berre skje med fleirtal på Generalforsamling.

 

  • 10-4 Oppløysing

Oppløysing av Studenthuset Meieriet kan berre skje med 3/4 fleirtal på Generalforsamlinga. Aktiva skal i så fall tilfalle Studenttinget på Vestlandet region Nord til beste for studentane i Sogndal si velferd.

 

  • 10-5 Iverksetjing

Desse vedtektene trer i kraft frå 10. april 2019, og erstattar frå det tidspunktet gamle vedtekter.