Jakten på VEKAOkomitéen 2021 er i gong!

I ti dagar til ende vert saftbygda Sogndal forvandla til eit fyrverkeri av kulturelle opplevingar! Med daglege arrangement på Studenthuset Meieriet og eit breitt mangfald av aktivitetar i nærområdet, finn ein noko for ein kvar smak. 

Eit nytt år står for tur og vi er igang med planlegging av VEKAO 2021. 2020 blei eit annleis år på mange måtar. Men fortvil ikkje, VEKAO 2021 er klar for å ta meg med på vårens vakraste eventyr! 
Det blir ein annleis festvial enn det vi kjenner den som. Vi har  trua på at det blir eit år vi skal få det kjekt saman, og oppleve festivallivet på ein ny og fantastisk måte. 

VEKAO kjem i år til å fokusere på å bli ein meir grønn festival. Noko som vil sei at ein gjer festivalen miljøvennleg. SPENNANDE! 


For at vi skal kunne gi det beste av det beste til Sogndal våren 2021 trenger VEKAO folk som kan vere med å planleggje dette eventyret. Vi treng folk som er organisert, lærevillig, nytenkjande og vi treng folk med eit auge for sosiale medier og grafisk design. 

 

Er det deg eller nokon du kjenner vi er å på jakt etter?

SØK DA VEL! 

Fristen for å søke er 13. september kl. 23.59.

Her er dei ulike verva:

Info

VEKAO's infoansvarleg! Ein skal sørge for at folk får den informasjonen dei leitar etter. Gjerne før dei må begynne å leita...! Er du ein kløppar på SoMe- da er det deg vi er på jakt etter! 

 

Arrangement

Som arrangementsansvarleg skal ein lage dagsprogram for VEKAO. Desse arrangementa har tidlegare bestått av ulike kurs, foredrag, konkurransar og mykje meir, kun fantasien set ein stoppar for kva ein kan arrangere!

 

Mediasjef

Som mediasjef har ein ansvaret for foto og film før, under og etter VEKAO. Vi søker etter deg som likar å ta bilete, og som kan tenkje deg å leike deg litt på photoshop for å lage plakatar, banner og mykje anna spennande for VEKAO.

 

Sponsorsjef

Som sponsorsjef skaffar du sponsorar til VEKAO, i tillegg til premiar for alle konkurransane i løpet av VEKAO. Her lærer du masse om korleis ein jobbar opp mot andre bedrifter og det er ein super arena for å bygge nettverk, samtidig som du får masse skryt når du fiksar nye sponsorer, bare gull!

 

Frivilligsjef

Som frivlligsjef har man ansvar for alle dei frivillige som er med på å gjøre VEKAO til det den er. Er Excel din venn, og du er flink til å holde styr på folk og dyr? Da er du den fødte Frivilligsjefen.

SØK HER!

Fristen for å søke er 13. september kl 23.59.