Pressemelding

Pressemelding

Pressemelding


Sogndal, 07.08.2020


Studenthuset Meieriet gler seg til å ta imot nye studentar til Faddervekene 2020 i Sogndal. Vi
følgjer gjeldande retningslinjer frå myndigheitene og har iverksett ei rekke smitteverntiltak for å
ivareta studentane sin tryggleik.

Studenthuset Meieriet er ein av dei største studentorganisasjonane i Sogndal. Meieriet skapar
ramma rundt mykje av det sosiale som skjer for studentane i bygda. I tillegg til å arrangere konsertar
med store og små artistar samt festar for studentane, har Studenthuset Meieriet fleire undergrupper
som driv med mellom anna dans, musikk, lyd og lys, foto og rollespel. Studentane kan òg jobbe
frivilleg i baren eller som vakt.


Studentane og dei frivillege sin tryggleik er svært viktig for oss. Etter retningslinjer frå
helsemyndigheitene og dialog med kommunelegen, har vi utarbeida eit program som kan
gjennomførast i tråd med gjeldande smittevernreglar. Vi har sett i verk tiltaksplanar og planar for
smittesporing, og har løpande dialog med kommunelegen i Sogndal.


Våre smitteverntiltak inneber mellom anna redusert tal gjester etter retningslinjer frå
helsemyndigheitene, husreglar for inngang og atferd, nye vaskerutinar og oppmerkingar som skal
gjere det enklare for gjestane å halde naudsynt avstand.

 


Mari Ingeborg Bjor Hognestad
Styreleiar i Studenthuset Meieriet
styreleiar@meieriet.no
415 29 405

 
What do you want to do ?
New mail