top of page

MEDLEMSVAKT

Kva er medlemsvakt og kvifor skal eg ha medlemsvakt?

Som medlem av Meieriet er du plikta til å delta på éi eller to medlemsvakter i løpet av året, maks éi per semester. Dette betyr at du er med å jobbar på eit arrangement, saman med dei frivillige på huset og andre medlemsvakter. Meieriet sine arrangement hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan hjelp frå medlemane våre. Denne kvelden jobbar du for dei andre som er ute, mens dei andre vil jobbe neste gong du skal ut. 

Når skal eg ha medlemsvakt?

Éi til to veker før medlemsvakta di vil du få ein SMS med informasjon om når vi ønskjer at du skal jobbe. Om du vil jobbe ein bestemt dato, kan du sende ein e-post til medlem@meieriet.no.

  

Eg har blitt satt opp på medlemsvakt, med det passer ikkje. Kva gjer eg? 

Viss datoen ikkje passer, kan du sende ein e-post til medlem@meieriet.no. Kom gjerne med forslag til ny dato. Nokre gonger tar det litt tid før vi får fjernet deg frå systemet. Viss du får ein melding med påminning om at du er satt opp på vakt etter at du har gitt beskjed til medlemsansvarleg, kan du berre sjå bort frå meldinga. 

 

Korleis ser ein typisk medlemsvakt ut?

Medlemsvakt er veldig kjekt! Du blir får møte nye folk og prøvd deg som vakt eller i baren, det er snacks undervegs og pizza på slutten av kvelden.  

Ein typisk medlemsvakt kan sjå slik ut

  • Oppmøte på Lab’en på Meieriet. Her møter du resten av gjengen som skal jobbe saman med deg denne kvelden. Det er kaffi, prat og hygge, arbeidsoppgåvene for kvelden blir fordelt og du får god opplæring i kva du skal gjere.

  • Dørene opnar. Alle er på plass på sin post.

  • Snacks undervegs. Viss du er streifevakt, får du stå fleire stader i løpet av kvelden. 

  • Huset stenger, dei siste gjestene går for kvelden og alle hjelper til med å rydde. Etterpå er det mat og drikke for alle som har jobba og du kan tusle heim att. 

Oppgåvene ein kan velgje mellom varierer. Nokre typiske oppgåver er dørvakt, skanne billettar og gje stempel i inngang, stå i garderobe, vere streifevakt eller bartender. Om du skulle ha spørsmål undervegs, kan du alltid spørje vaktsjefane eller nokre av de andre aktive medlemane på huset.

Vi har tilpassa arbeidsrutinene våre til smittesituasjonen slik at det skal vere enklare å halde avstand til både gjestar og dei andre som er på jobb.Det er berre å ta kontakt med dagleg leiar Christina Kolbu (daglegleiar@meieriet.no) om du lurer på noko eller vil vite meir om smittevernrutinane våre. 

Vi gler oss til å møte deg på medlemsvakt!

Kontakt meg!

414-4140251_you-profile-picture-question-mark.png

Ledig stilling

Medlemsansvarleg
Studie: 

medlem@meieriet.no

bottom of page