
MEDLEM HOS MEIERIET
Studenthuset Meieriet er ein utestad, ein konsertscene og driv med aktivitetar som musikk, dans, rollespel, foto og podcast-laging. For å få til alt dette, er vi organisert i ulike undergrupper som er drevet av frivillige.
Eit medlemsskap på Meieriet er ein genial moglegheit til å treffe nye vener, prøve nye aktivitetar og til å gje noko tilbake til studentmiljøet ditt!
Nokre av medlemane våre har store ansvarsoppgåver. Til dømes økonomiansvarleg i styret, VEKAO-sjefen og vaktsjefane. Andre har mindre oppgåver eller jobbar frivillig på arrangement, mellom anna i baren eller i lydbåsen. Det er og mange som er med berre for gøy, til dømes i bandgruppa eller rollespelgruppa.
Som medlem av Meieriet har du òg fleire andre fordeler:
-
Gratis inngang eller medlemspris på alle våre arrangement
-
Stemmerett på Generalforsamling, som er det øvste organet i organisasjonen
-
Tilbod og rabattar hos samarbeidspartnerane våre