
KREATIV
Denne divisjonen inneheld undergrupper for dei som vil utfordre sin eigen kreativitet
og oppnå små og store mål.
Anten det er å spele konsert for fullt hus på Bandstand, spele rollespel, opptre på ei scene eller anna!

Bandgruppa
Vi er Meieriet sine (framtidige) rockestjernar. Hjå oss får du tilgang på eit flott øvingsrom, fullt av instrument og utstyr. Som medlem av bandgruppa får du moglegheit til å vise deg fram på bandstand, anten som ein del av eit band, eller som soloartist. Bli med i vårt musikalske miljø!


Dansegruppa
Vi er Meieriet sine (noverande) dansestjernar, og møtes ein gong i veka for å planleggje, koreografere og øve saman. Vårt hovudfokus er at alle skal få vere med uansett tidlegare erfaring. Hausten 2022 ligg fokuset særleg på hiphop, men vi er opne for andre sjangrar! Vi samlast kvar tysdag klokka 19 på Tanken. Bli med i eit sosialt, kreativt og inkluderande miljø!


Sanggruppa
Syng du i dusjen, på bussen eller kor enn du er? Då er Sanggruppa den rette plassen for deg. Alle som ynskjer kan kome og synge.
Vi syng alle mogelege sangar, og alle kan kome med eigne ynskjer. Gruppa treng mange sangglade studentar og det er ingen opptaksprøver. Vi samlast kvar måndag klokka 19 på Tanken. Bli med og syng med det du har!


Meiografen
Liker du å snakke til ein mikrofon med ein god gjeng? Eller å lage diverse videoar på YouTube eller drive ein instakonto?
Meiografen er ei undergruppe der du kan gjere litt forskjelleg, som til dømes podcast, YouTube, ein kul instakonto eller noko heilt anna! Vi tek imot dei fleste idéar. Vi har allereie ein podcast som heiter Meiopodden, men ynskjer velkomen til alle som vil kome med noko spennande! Her får du òg tilgong til diverse proft utstyr som kan hjelpe med det du ønskjer å drive med.


Rollespel
Har du nokon gong sett på Stranger Things og lurt på kva gutane spelte i kjellaren? Det var eit rollespel som heiter Dungeons and dragons.
Vi i rollespelgruppa har jamnlege møter der vi set oss ned, tek fram terningane og spelar rollespel. Vi samlar oss for å spele Dungeons and dragons (D&D) eller andre rollespel. Gruppa har eit breitt utval rollespel å velje mellom og vi spelar det vi ynskjer.
Hovudfokuset til gruppa er at alle skal ha ei fin tid om dei møter opp.


Improteater
Likar du å underhalde og improvisere? Er du interessert i å utvikle din eigen kreativitet? Då er kanskje Improteater noko for deg!
Improteater er ei heilt ny undergruppe på Studenthuset Meieriet som starta opp i november 2021! Det er teater, men utan manus! Dette passar godt for dei som ynskjer å ha det kjempegøy og samstundes få nye vener. Vi samlast kvar tysdag klokka 16.00 på Tanken. Bli med og slepp deg laus!
