top of page

FAQ

Her finn du svar på nokre vanlege spørsmål. Lurer du på noko anna er det berre å ta kontakt på Facebook, e-post eller ta ein tur innom styrekontoret. 

 

Korleis kan eg bli medlem av Studenthuset Meieriet? 

Vi nyttar billettsystemet LinTicket, som finst som app og nettside https://linticket.no/. Her kan du kjøpe medlemskap for eit heilt år eller for eitt semester.

 

Problem med LinTicket?

Nokre gongar er billettsystemet vårt deverre litt kranglete. Prøv å byte til appen/nettsida eller vente ei lita stund. Om det ikkje blir betre, kan du ta kontakt med LinTicket support hos post@linticket.no

Travelt? Det går òg an å få ein ven til å kjøpe billett for deg, og overføre den til ditt namn etterpå. 

Kva er medlemsvakt og kvifor må eg ha medlemsvakt? 

Som medlem av Studenthuset Meieriet er du plikta til å delta på éi eller to medlemsvakter i løpet av året. Dette betyr at du er med å jobbe på eit arrangement, saman med dei frivillege på huset og andre medlemsvakter, i god dugnadsand. Meieriet sine arrangement hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan hjelp frå medlemane våre. 

 

Éi til to veker før medlemsvakta di vil du få ein SMS med informasjon om når vi ønskjer at du skal jobbe.

 

Eg har blitt satt opp på medlemsvakt, men datoen passar ikkje.

Send ein e-post til medlem@meieriet.no so fort som råd, seinast 24 timar før vakta startar. Føreslå gjerne ein ny dato som passar betre. 

Nokre gonger tek det litt tid før vi får fjerna deg frå systemet. Om du får ei melding med påminning om at du er satt opp på vakt etter at du har gitt beskjed til

medlemsansvarleg, kan du berre sjå bort frå denne meldinga. 

 

Eg vil bli med i ein undergruppe. Korleis gjer eg det?

So kult! Velkomen! I nokre undergrupper er det lurt å sende en e-post til undergruppeleiaren. Til dømes Kvissgruppa, Bar og Vakt og Festkultur. I dei kreative undergruppene går det fint an å berre møte opp på ei samling, so kan undergruppeleiaren hjelpe deg med å registrere medlemskap i LinTicket og legge deg til i Facebookgruppa.

For å vere medlem i ei undergruppe må du ha medlemskap på Studenthuset Meieriet. Men det er sjølvsagt lov å prøve deg eit par gongar før du bestemmer deg! 

Lån av lokale 

Alle studentorganisasjonane i Sogndal kan bruke Studenthuset Meieriet til arrangement for studentar. Send ein e-post til Dagleg Leiar: daglegleiar@meieriet.no med informasjon om kven dykk er, kva slags aktivitet de vil låne huset til, aktuelle tider og om de ynskjer frivillige frå Meieriet på jobb.  

Aldersgrense på arrangement 

Det er 18 års aldersgense og legitimasjonsplikt på alle arrangement om ikkje anna er oppgjeve. Studentar må kunne vise fram gyldig studentbevis (t.d. studentbevisappen). Du kan bli avvist i døra om du ikkje har med gyldig legitimasjon. 

 

Arrangement og smittevern under koronapandemien

Smittevernreglane set grensar for kor mange som kan delta på arrangement samt krav om tilrettelegging for at alle kan halde minst éin meter avstand. Difor ser arrangementplanen vår noko annleis ut enn vanleg, men det er framleis mykje kjekt å sjå fram til! Du kan lese meir om kommande arrangement her

Studentane og dei frivillege sin tryggleik er svært viktig for oss. Med utgangspunkt i retningslinjer frå helsemyndigheitene har vi utarbeida smitteverntiltak som skal sørgje for at det er trygt å vere både gjest og å jobbe frivilleg hos oss. Mellom anna bordservering, registrering av kontaktinfo til smittesporingsføremål og hyppig vask av kontaktflatar.

 

Her kan du lese meir om våre smitteverntiltak.

Kontakt meg!

271313875_267288792141993_3419379430701121632_n.jpg

Styreleiar

Eirik Neteland

styreleiar@meieriet.no

+47 97524433

Kontakt meg!

astrid.jpeg

Dagleg leiar

Astrid Johanne Eskeland

daglegleiar@meieriet.no

41497948

Kontakt meg!

414-4140251_you-profile-picture-question-mark.png

Medlemsansvarleg

Ledig Stilling
Studie: 

medlem@meieriet.no

bottom of page