
DRIFT
Drift er den største divisjonen på Studenthuset Meieriet og gjer det mogeleg å halde huset ope.
Dei betjener baren, syt for vakthald, held huset i orden, og mykje meir.

Bar- og Vaktgjengen
Vi er den største undergruppa på Studenthuset Meieriet, og jobbar på kveldstid. Hjå oss finn du dei som serverar alt frå øl og vin, til brus og kaffi i Meieriet sine barar, og dei som sørgar for at gjestane har det bra. Vi tilbyr eit stort sosialt nettverk og moglegheit til å oppleve utelivet frå den andre sida.

Jenny Randine Skogly
947 88 839

Håkon Sollie Grønningsæter
900 74 273

DJ-Gruppa
Vi spelar musikk og sørgar for god stemning på dansegolvet. Hjå oss får du tilgang på bra utstyr, kursing frå profesjonelle DJ-ar, samt tilgong til eit øvingslokale med eit heftig lydanlegg for å utvikle dine evner. Vil du styre musikken på Meieriet, då er dette gruppa for deg.

Ognjen Senic
djgruppa@meieriet.no
484 96 735

Lyd- og Lysgjengen
Vi jobbar i kulissane og riggar lyd- og lysutstyr til konsertar. Hjå oss får du kyndig opplæring i alt utstyret som nyttast i eit sceneoppsett, og du får leike deg med laser, røyk og fleire heftige effektar for å skape den ultimate konsertopplevinga.

Jostein Ratama
417 63 341

Vaktmeistergjengen
Vi er gjengen som held oss i skuggane. Ikkje fordi vi er mystiske, men fordi det har gått ei lyspære der. Likar du å fikse og trikse, skru og ordne, og ikkje er framand for eit slag kort etter endt vakt, så er dette gjengen for deg.

Eirik Neteland
975 24 433

KafèGruppa
Vi er dei som lager og serverer mat og drikke til fyllesjuke studenter på søndager. I denne gruppa får du vere med på heile prosessen om du vil, alt frå vere med på å bestemme menyen, lage maten og servering. Du vil få kunnskap om korleis du lager forskjellige retter, drikker og få opplæring i bruk av og erfaring med espressomaskin.

Elise Vonen
902 75 220