top of page

BLI MEDLEM!

Medlemskap i Studenthuset Meieriet følgjer semestra på HVL. Heilårsmedlemskap varer frå august til juni, men det er òg mogleg å kjøpe medlemskap for berre eitt semester (halvårsmedlemskap).

Medlemskapet kjøper du på LinTicket (her).

Det kostar kr 150 for eitt semester og kr 250 for eit heilt skuleår. 

Tips! Koble medlemskapet ditt til studentbevis-appen ved å registrere nummeret på baksida av studentkortet ditt i LinTicket

Kvifor bli medlem?

Studenthuset Meieriet er mykje meir enn ein utestad. Som medlem får du ikkje berre rabatterte billettar til arrangement, men òg moglegheita til å bli med i ein (eller fleire!) av undergruppene våre (link). Til dømes Vaktmeistergjengen, Dans, Meiografen (lagar podcasts), DJ, Bar & Vakt eller Blest (foto og PR). Du får òg rabattar og gode tilbod hos samarbeidspartnarane våre (se tilbod her). Det kjem alltid godt med når studentbudsjettet skal strekke til!

 

Medlemsvakt

Som medlem av Meieriet er du plikta til å delta på éi eller to medlemsvakter i løpet av året, maks éi per semester. Dette betyr at du er med å jobbar på eit arrangement, saman med dei frivillige på huset og andre medlemsvakter. Meieriet sine arrangement hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan hjelp frå medlemane våre. Denne kvelden jobbar du for dei andre som er ute, mens dei andre vil jobbe neste gong du skal ut.

Her kan du lese meir om "medlemsvakt" .

bottom of page