BLEST

Vi er gruppa for deg som liker å ta bilder og som liker at folk ser dem! Vi hjelper til med alle promotering av artister og arrangementer, og vi tar masse bilder på vegen

Likar du å fange små og store augneblink på film? Er du oppteken av meir enn bare enkle selfies? Er du kreativ eller kanskje interessert i grafisk design? Då er dette gruppa for deg! BLEST-gruppa er ein flittig gjeng som dokumenterar små og store arrangement i regi av Studenthuset. Vi er på plass på så mange aktivitetar som mogleg, anten det er innandørs på temafest i faddervekene, eller utandørs på multisport i VEKAO. Vi tek tett-på-bildar av artistane under konsertar, tek stemingsbildar av publikum og står for filminga av promovideoane for Studenthuset Meieriet - det er kun oss sjølv som begrensar kva oppdrag vi tek på oss!

BLEST-gruppa hjelper mykje til med promoteringa på nettsiden, instagram og facebook! Hjå oss kan du vere med å bidra til eit suksessfullt arrangement, gjennom marknadsføring. Ein treng ikkje noko erfaring frå området, det er kun kreativiteten som set grenser!

Vi i BLEST-gruppa har og som oppgåve å sørge for god markedsføring av alle arrangement i regi av Studenthuset Meieriet. Samt å bistå med den generelle markedsføringa av alle tilbud Studenthuset har for studentene i Sogndal. Ved bruk av photoshop eller indesign lagar vi plakatar, flyers, månadsprogram og mykje meir. Konsertplakater får vi tilsend, og det er vi som har ansvar for å henge dei opp rundt omkring i Sogndal. Bli med i gjengen og bidra til fullt hus på Meieriet!

Vi har profesjonelt kamera- og videoutstyr, inkludert ein heilt ny SteadyCam. I tillegg har vi eit eige arbeidsrom med topp redigeringsutstyr til bilete og filmar. Alt dette for å sikre at vi får best mogleg kvalitet på alt vi gjer.  

 Goder du får som medlem av Foto- og filmgruppa:

  • Tilgang til kamera- og videoutstyr
  • Tilgang til redigeringsprogram
  • Høve for lån av utstyr
  • Høve til å delta på aktivfestar og julebord
  • Høve til å leie kantina på Meieriet til private arrangement
  • Attest, som ser bra ut på CVen

Som medlem av foto- og filmgruppa får du utfolde deg kreativt og lære mykje om fotografikunsten. Vi er ein lærevillig og sosial gjeng, og som gruppe har vi eit eige budsjett som utelukkande går til sosiale aktivitetar for gruppemedlemmane. 

Frivillig - fett uansett!