Drift

Drift er den største divisjonen på Studenthuset Meieriet og gjer det mogeleg å halde huset åpent.
Dei betjener baren, syter for vakthald, held huset i orden, og mykje meir.

Bar- og Vaktgjengen

Bar- og Vaktgjengen

Vi er den største undergruppa på Studenthuset Meieriet, og jobber på kveldstid. Hjå oss finn du dei som serverar alt frå øl og vin, til brus og kaffi i Meieriet sine barar, og dei som sørgar for at gjestane har det bra.

DJ-gruppa

DJ-gruppa

Vi spelar musikk og sørgar for god stemning på dansegulvet. Hjå oss får du tilgang på bra utstyr, kursing frå profesjonelle dj-ar, samt eit øvingslokale for å utvikle dine evner. Vil du styre musikken på Meieriet, da er dette gruppa for deg.

Lyd- og Lysgjengen

Lyd- og Lysgjengen

Vi jobber i kulissane og riggar lyd- og lysutstyr til konsertar. Hjå oss får du kyndig opplæring i alt utstyret som nyttast i eit sceneoppsett, og du får leike deg med laser, røyk heftige effektar for å skape den ultimate konsertopplevinga.

Vaktmestergjengen

Vaktmestergjengen

Vi er gjengen som held oss i skuggane, ikkje fordi vi er mystiske, men fordi det har gått ei lyspære der. Likar du å fikse og trikse, skru og ordne, og ikkje er framand for eit slag kort etter endt vakt, så er dette gjengen for deg.