
Lyd- og Lysgjengen
Vi jobber i kulissane og riggar lyd- og lysutstyr til konsertar. Hjå oss får du kyndig opplæring i alt utstyret som nyttast i eit sceneoppsett, og du får leike deg med laser, røyk heftige effektar for å skape den ultimate konsertopplevinga.
Godene du får som aktivt medlem i Lyd- og lysgjengen er:
- Gratis inngang på alle ordinære diskokveldar
- Halv pris på alle arrangement i regi av Studenthuset Meieriet
- Gå forbi køen på alle arrangement før kl.00:30
- Mogleghet til å delta på kurs i lyd og lys
- Moglegheit til å delta på aktivfestar, julebord og blåtur
- Moglegheit til å leie kantina på Meieriet til private arrangement
- Attest for frivillig arbeid, som ser kjempebra ut på CVen
I tillegg disponerar lyd- og lysgjengen eit eige budsjett som blir nytta til sosiale aktivitetar innad i gruppa. Dette kan vere alt frå filmkveldar på Tanken, til å reise på utflukter - alt etter gruppa sitt eige ynskje.
Du bestemmer sjølv kor ofte du har lyst til å jobbe, men for å få aktivgodene må du jobbe tre gonger i månaden.
Frivillig - fett uansett!