
DJ-gruppa
Vi spelar musikk og sørgar for god stemning på dansegulvet. Hjå oss får du tilgang på bra utstyr, kursing frå profesjonelle dj-ar, samt eit øvingslokale for å utvikle dine evner. Vil du styre musikken på Meieriet, da er dette gruppa for deg.
DJ-gruppa søker musikkinteresserte, kreative og strukturerte folk som har lyst til å få Tanken til å danse. I DJ-gruppa kan du få moglegheit til å bruke profesjonelt DJ-utstyr og lage dine eigne sett som du spelar for eit fullpakka dansegolv.
Som medlem i gruppa får du opplæring av erfarne og profesjonelle DJ-ar i utstyret vi har på Meieriet. Ditt ansvar ligg deretter i å lage sett som treff målgruppa, og spele musikken på diskokveldane, temafestar og andre arrangement. Ein vanleg arbeidsdag for DJ-ane på Meieriet startar med rigging av utstyr, lyssetting og røykmaskin, og deretter må DJ-en syte for at det spelast musikk heile kvelden. Som DJ får du moglegheit til å forme diskokveldane på Meieriet.
Godene du får som aktivt medlem i DJ er:
- Gratis inngang på alle ordinære diskokveldar
- 25% på alle arrangement i regi av Studenthuset Meieriet
- Gå forbi køen på alle arrangement før kl.00:30
- Moglegheit til å delta på aktivfestar, julebord og blåtur
- Moglegheit til å leie kantina på Meieriet til private arrangement
- Kursing av profesjonelle DJ-ar
- Attest for frivillig arbeid, som ser meget bra ut på CVen
I tillegg disponerar DJ-gruppa eit eige budsjett som blir nytta til sosiale aktivitetar innad i gruppa. Dette kan vere alt frå kinoturar, til kosekveldar, til fest - alt etter gruppa sitt eige ynskje.
Du bestemmer sjølv kor ofte du har lyst til å jobbe, men for å få aktivgodene må du jobbe to gonger i månaden, med visse unntak.
Frivillig - fett uansett!