
Festkulturgjengen
Vi pynter og gjer Meieriet klar for temafest. I tillegg får du moglegheit til å bestemme kva arrangement Studenthuset skal tilby. Har du ein god og kreativ idé, er det i denne gruppa du får realisert den.
Viss du er kreativ, likar å pynte, fikse og ordne, og vil at studentmassen skal ha det gøy er dette gruppa for deg. Du får ein arbeidsdag med oppgåver som varierar frå kunst- og handverk til organisatorisk arbeid. Det er kun kreativiteten som set grensene dine i festkulturgjengen.
Som medlem av festkulturgjengen har du ansvar for å gjere i stand huset til temafestar. Dette inneber planlegging, innkjøp av utstyr, dekorasjon og generell gjennomføring av arrangementet. Etter endt arrangement har festkulturgjengen ansvar for å rydde lokalet for dekorasjonar og andre effektar som har blitt brukt.
I løpet av året er det fire faste arrangement som skal avholdast; Bierstube, Halloween, X-russefest og karaoke på 17. mai, og festkulturgjengen har òg ansvar for planlegging og gjennomføring av desse. Utanom dei faste arrangementa står du som medlem fri til å bidra med idear til nye temafestar og får på den måten vere med å forme arrangementstilbodet til Meieriet.
Godene du får som medlem er:
- Arrangementet du har hjulpe med å sette i stand:
- Gratis inngang
- Gå forbi køen fram til kl.00:30
- Moglegheit til å delta på aktivfestar, julebord og tematur
- Mogleghet til å leie kantina til private arrangement
- Attest for frivillig arbeid, som ser kjempebra ut på CVen
I tillegg disponerar festkulturgjengen eit eige budsjett som kan nyttast til sosiale aktivitetar innad i gruppa. Dette kan vere alt frå å reise på kino, til å reise på restaurant eller å ha fest - alt etter gruppa sitt eige ynskje.
Du bestemmer sjølv kor ofte du har lyst til å jobbe, men for å få fyll nytte av godene bør du vere aktivt deltagande i gruppa.
Frivillig - fett uansett!