Velkomen som ny student!

Velkomen som ny student!

Studenthuset Meieriet er råmen rundt mykje av det sosiale som skjer i Sogndal.
På denne sida ynskjer vi å informere nye studentar om kva Studenthuset Meieriet er,
kva som skjer på huset og anna praktisk informasjon det kan vere praktisk å vite ved studiestart.
Om du framleis har spørsmål etter å ha lest dette, ikkje nøl med å komme innom styrekontoret
eller å ta kontakt med oss på e-post eller sosiale medier.

Facebook: https://www.facebook.com/meieriet

Instagram: Studenthuset Meieriet

E-post: styret@meieriet.no
             styreleiar@meieriet.no

 
Historie 

I november 1998 opna studenthuset og konsertscena Meieriet dørene for fyrste gong. Sidan opninga har fleire store artistar lagt sin elsk på scena i den vesle bydga, og Meieriet har blitt eit naturleg stoppunkt for artistar på turné. Gjennom åra har studentane fått store konsertopplevingar frå mellom andre Kaizers Orchestra, Karpe Diem, Xzibit, Highasakite og Nico & Vinz. 

I 2015 endra Studentsamfunnet i Sogndal namn til Studenthuset Meieriet, som for ordens skuld er namnet på både bygningen og studentorganisasjonen. Studenthuset Meieriet tek namnet sitt frå bygget sitt bruk i gamle dagar, då det faktisk var eit Meieri! 


Studenthuset Meieriet

Studenthuset Meieriet ligg sentralt i Fjørevegen 18A, i Sogndal sentrum. Vi har ein særs høg pipe og huset er måle rosa, så det skal ikkje vere vanskeleg å finne frem.

Den største konsertscena på Meieriet heiter Tanken, det var der dei oppbevart mjølka i gamle dagar. På tanken er det òg ein bar, og over baren ligg Galleriet, kor du kan nyte førsteklasses utsikt over scena. I tillegg til barane på tanken og på galleriet , har vi Laben, kor meierilaboratoriet lå, som òg vert nytta som cafè. Videre er det møtelokale, øvingsrom for band og fleirbruksrom som fyllast med korsong, drama, podcasts og andre aktivitetar kvar veke.  

Ynskjer du å booke lokale på Studenthuset Meieiret? Send mail til dagleg leiar på daglegleiar@meieriet.no.



Medlemsskap

Det lønner seg å vere medlem av Studenthuset Meieriet! I løpet av nokre få arrangement, vil du spare inn igjen medlemsavgifta, og du får moglegheit til å engasjere deg på huset. 

Som medlem av Studenthuset Meieriet har du fleire fordeler. Mellom anna rabatterte billettar på dei fleste arrangement, stemmerett på generalforsamlinga, moglegheit til å engasjere deg i ulike undergrupper og tilgang på morosame internarrangement. Les meir om medlemsfordeler her.

Medlemskapet fylgjer semestera på HVL og varer i eit helt år, frå august til juni, eller eit semester. Dette inneber at du jobbar på eit av Studenthuset Meieriets arrangement, i god dugnadsånd, og blir ein del av drifta på huset. Les meir om Meierietvakt nedanfor. Medlemsskapet kostar  kr 200 for semester og kr 300 for eit heilt skuleår. Helårsmedlemskap koster kr 250 viss ein kjøper det før studiestart i august. 

 For innmelding av medlemskap, trykk her.


Medlemsvakt 

Som medlem av meieriet, er du plikta til å delta på ein til to medlemsvakter i løpet av året. Dette inneber at du jobbar på eit av Studenthuset Meieriets arrangement, i god dugnadsånd, og blir ein del av drifta på huset. Meieriet sine arrangement hadde ikkje vore mogleg å gjennomføre utan hjelp frå medlemane våre. Denne kvelden jobbar du for dei andre som er ute, medan dei andre vil jobba neste gong du skal på fest.


Undergrupper 

Studenthuset Meieriet drivast av studentar ved HVL, og det heile er organisert i undergrupper. Anten det er Lyd og Lys, Bar og Vakt, Dans, Meiopodden eller Vaktmeister, vil du finne noko som passar nett deg. Å vere aktivt medlem i ei undergruppe gjer ei rekkje fordelar. Du får rabatterte billettar, aktivrabattar i baren, åtgang på internarrangement, du blir del av eit aktivt sosialt miljø og har det veldig moro! 

Ynskjer du å engasjere deg kan du seie ifrå til våre undergruppeleiare. E-postane finn du via denne linken.


VEKAO

VEKAO i Sogndal blir skapt på dugnad av studentar ved Høgskulen på Vestlandet, campus Sogndal, og engasjerte frå lokalbefolkninga i Sogndal. 

I ti dagar til ende vert saftbygda Sogndal forvandla til eit fyrverkeri av kulturelle opplevingar! Med daglege arrangement på Studenthuset Meieriet og eit breitt mangfald av aktivitetar i nærområdet, finn ein noko for einkvar smak. På dagtid kan ein vere med på alt frå ølkurs til swingkurs, multisport, skileik og isbading, og på kveldane blir Meieriet fylt til randen når både norske og internasjonale artistar som lagar fantastisk liv på scena!


Billettar

Studenthuset Meieriet sel nettbillettar på meieriet.no, på facebooksida si og på LinTicket sin app. Alle billettar er utstyrt med ein unik strekkode som vert scanna og kontrollert når du kjem i døra. Billettar kan òg kjøpast på Styrekontoret i andre etasje på Studenthuset Meieriet. Medlemmer av Studenthuset Meieriet får rabattert inngang på alle arrangement utanom Kviss.

  

Generalforsamlinga 

Kvar vår arrangerer Studenthuset Meieriet generalforsamling. Alle medlemane har tale- og stemmerett på generalforsamlinga, og moglegheit til å stille til val. 

På generalforsamlinga blir Studenthuset Meieriet medlem informert om drifta av organisasjonen samt kontrollere og påverke drifta. På generalforsamlinga kan det og gjerast endringar i vedtektene våre. Alle oppmodast til å møte på generalforsamlinga og til å stille til val viss ein ynskjer å bidra! for meir informasjon om generalforsamlinga, ta ein titt på vår side om generalforsamling og andre vedtektar her.


Faddervekene 

Som ny student, blir du del av ein studiumvis faddergruppe med ein 2. eller 3. årsstudent som din fadder. Det blir ulike sosiale samlingar for faddergruppa, og større samlingar for alle nye studentar, mellom anna konsertar, temafestar og dagsarrangement på Meieriet. Vi oppmodar deg til å ta del i mykje av det som skjer i faddergruppa og fadderveka, slik at du fort blir kjent med andre!