Bandgruppa


Me er Meieriet sine hobbyrockestjerner! Hjå oss får du tilgang på eit framifrå øvingsrom,
fullt av instrument og utstyr. Som medlem av bandgruppa får du sjansen til å vise deg fram på
bandstand, anten som del av eit band, eller som soloartist. Alt dette er tilgjengeleg om du er
medlem av Meieriet. Bli med i vårt musikalske miljø!
Anten du er på utkikk etter ein stad å øva, finpussa soloakta di, eller finna deg eit band, kan
du verta med i bandgruppa og finna det du leitar etter. I bandgruppa har me plass til alle
musikalske sjeler, uansett dugleiksnivå! Nokre gonger i året arrangera me Bandstand på
Meieriet, der me i bandgruppa får sjansen til å vise frem kva vi har øva på, anten det er
eigenprodusert materiale eller coverlåtar.


Godar du får som medlem i bandgruppa er:

  •   Tilgang til eige øvingsrom

  •  Nytta bandrommet, fullt av instrument og utstyr

  • Visa deg fram på Bandstand

  • Aktivfestar og julebord på Meieriet

  • Moglegheit til å leiga kantina på Meieriet til private arrangement

  • Ein sosial samlingsstad med likesinna


Bandgruppa held til på bandrommet, i tredje etasje på Meieriet. Her har me eit vidt utval av
utstyr og instrument til eit mangfald av musikalsk engasjement. Som medlem av bandgruppa
kan du bruke øvingsrommet fritt så ofte du sjølv ynskjer heile året! Dersom noko av utstyret
er i ustand, eller har eit ynskje om eit supplement til rommet, gir du berre ein lyd til leiaren,
så fiksa me det.
Bandgruppa har eit eige budsjett som eine og åleine går til sosiale aktivitetar for sine
medlemmar. Dette kan vere alt frå kinobesøk til utflukter eller vin- og vinylkveldar. Som
medlem av bandgruppa får du også sjansen til å delta på aktivfestar og det årlege julebordet
hjå Studenthuset Meieriet.
Meld dykk inn i Facebookgruppa «Bandgruppa Meieriet» for meir informasjon, tilgang til
booking av rommet og for å koma i kontakt med andre musikkinteresserte.

Her er eit innblikk i kva me har å tilby:

242497307_345653717308721_3357473335153840654_n.jpg

UGL

Martin Granheim

Band
Studie: Landskapsplanlegging

band@meieriet.no
95452210

Vil du booke bandrommet vårt?


Då gjeld følgjande for deg!
- Du må vere medlem hos Studenthuset Meieriet
- Du må vere medlem av bandgruppa
- Du må vere på bandrommet innan opningstid

Opningstid tyder at nokon må vere på huset som har moglegheit til å låse deg inn. Kontortid er 14:00 - 18:00.
Er du på bandrommet etter kontortid (18:00) kan du få beskjed om å avslutte øvinga dersom det forstyrrar arrangement nede.