Vil du vere Fadderansvarleg 2020? Søk her!

Ynskjar du å gi dei nye studentane hausten 2020 den beste starten på studietida, utfordre deg sjølv og vera med å skapa engasjement i studentmiljøet? Då kan jobben som fadderansvarleg vera noko for deg. Som fadderansvarleg har du ansvar for gjennomføringa av faddervekene i eit tett samarbeid med ein fadderkomité, studentorganisasjonane, høgskulen, lokalbefolkninga, og ikkje minst fadrane. Søknadsfrist 23. februar!

Vil du vere Fadderansvarleg 2020? Søk her!

Ynskjar du å gi dei nye studentane hausten 2020 den beste starten på studietida, utfordre deg sjølv og vera med å skapa engasjement i studentmiljøet? Då kan jobben som fadderansvarleg vera noko for deg. Søknadsfrist 10. februar!


Arbeidsoppgåver:
Fadderansvarleg og nestleiar har ansvaret for planlegging, gjennomføring og
evaluering av faddervekene i eit tett samarbeid med fadderkomiteen, høgskulen,
studentorganisasjonane, lokalbefolkninga, og ikkje minst fadrane.

De har det overordna ansvaret for rekruttering av nye fadrar til studiestart i august,
samkøyring av fadderprogrammet og produksjon av informasjonsheftet frå
studentorganisasjonane, som skal sendast ut til dei som får tilbod om studieplass i
juli. De er også kontaktpersonar for fadderveka og fadderkomiteen, og skal delta i
koordineringsmøta for studiestart.


Begge må vere i Sogndal veka før studiestart (veke 32).
Stillinga som fadderansvarleg er lønna med 86 timar (l.tr. 26).
Stillinga som nestleiar er lønna med 54 timar (l.tr. 26).
I tillegg får de attest frå høgskulen, og godar gjennom Studenthuset Meieriet.

Søknadsfrist: 23. februar 2020

Søknad sender du på e-post til: nestleiar@meieriet.no
Meir informasjon om stillingane får du ved å kontakte aase.neraas@hvl.no eller
nestleiar@meieriet.no.