Vi søker ny fadderansvarleg 2019!

Vi søker ny fadderansvarleg 2019!

Ønskjer du å gje dei nye studentane hausten 2019 best mogleg start på studietida, utfordre deg sjølv og vera med på å skapa engasjement i studentmiljøet? Då kan jobben som fadderansvarleg vera noko for deg! Som fadderansvarleg har du ansvar for gjennomføringa av faddervekene i eit tett samarbeid med ein fadderkomité, studentorganisasjonane, høgskulen, lokalbefolkninga, og ikkje minst fadrane.

Studiestart er måndag 12. august, og du må vera tilgjengeleg i Sogndal veka før studiestart. Fadderkomiteen består av fire studentar i tillegg til fadderansvarleg. De skal rekruttere fadrar og samkøyre fadderprogrammet for opningsvekene. De skal òg redigere eit informasjonshefte frå studentorganisasjonane, som skal sendast ut til alle som får tilbod om studieplass. Dette skal gjerast innan 1. juni. 

Godene du får som fadderansvarleg er halvpriskort heile vårsemesteret på Meieriet (utanom VEKAO) og frikort på Meieriet under faddervekene. Du vil og få løn og attest frå høgskulen.


SØK HER!