VEKAO2020 tek form!

No er VEKAO2020 under planlegging, og vi gler oss stort til å sjå kor den sterke komitéen vil ta oss. Allereie no på torsdag (17.10) vil det komme ein aldri så liten VEKAO-surprise under quizen!

Venstre brak: Torjus Havnerås Sagenes, Jon Kastdalen, Ken Marius Kalstad, Petter Amble. Venstre framme: Ingvill Holmberg, Monica Kvernes, Ingvild Mathisen, Silje Takle, Martine Ryan Gulstad. Utan bakkekontakt: Emma Wolden Bersagel.

Venstre brak: Torjus Havnerås Sagenes, Jon Kastdalen, Ken Marius Kalstad, Petter Amble. Venstre framme: Ingvill Holmberg, Monica Kvernes, Ingvild Mathisen, Silje Takle, Martine Ryan Gulstad. Utan bakkekontakt: Emma Wolden Bersagel.

Det som vert ekstra spesielt med VEKAO2020 er at det er 40-årsjubileum!! Det vil altså seie at den aller fyrste VEKAO vart arrangert i 1980, så eit gjennomgåande tema vert då sjølvsagt ein klar 80-talsvibbe. Så.. kva er det DU assosierer med det hårete 80-talet?  

MEN for at vi skal få festivalen til å gå rundt, treng vi mange mange mange frivillige :D

Når ein er VEKAO-frivillig er ein med og jobbar under VEKAO. Det er mange ulike frivillig-grupper ein kan ta del i, men det som er gjennomgåande er at ein kvar VEKAO-frivillig er med på å spreie glede, hjelpe andre og gje gjestane ei god oppleving under festivalen. Som frivillig er ein med på å gjere VEKAO til noko heilt spesielt. Utan frivillige ville det ikkje ha vore noko Meieriet og heller ikkje noko VEKAO, og nettopp difor er dei frivillige veldig veldig veldig viktige <3

Kva for nokre goder får ein?
50% på alle billettar.
VEKAO reserverer billettar til alle arrangement for deg som frivillig.
Mat og drikke medan du er på jobb.
Attest på frivillig arbeid som ser supert ut på CV-en.
Frivillegfest, opplæring og nye vener.

Kor mange vakter må ein jobbe?
Bar og Vakt: 3 vakter på kveldstid (dette varierer ut ifrå arrangementet).
Lyd og Lys: 2 vakter. Vaktene startar kl. 14:00
Foto: 4 vakter. Vaktene vil være ei blanding av dag- og kveldsarrangement.
Artistvert: 2-3 vakter (starttidspunkt varierer).

Får ein klede?
YES SIR! Av oss får du ei stilig, spesiallaga t-skjorte :D

Såååå meld deg som frivillig HEEEEEER!!