Vi søker ny VEKAOsjef 2021!

Vi søker ny VEKAOsjef 2021!
 
VEKAO er ein 10-dagers studentfestival som arrangerast i mars kvert år. VEKAO 2020 blei diverre avlyst, men vi ser framover mot neste år! Er du interessert i å vere med å arrangere VEKAO?
 
Vi er no på jakt etter ein VEKAOsjef for VEKAO 2021, så om du har gode leiareigenskapar, er motiverande og flink til å samarbeide? Det er frivillige studentar som arrangerer heile festivalen, og den som styrar heile skuta er sjøvaste VEKAOsjefen.
 
Som VEKAOsjef har du ansvar for planlegging og gjennomføring av heile festivalen. Planlegginga startar allereie før sommaren og arbeidet fortsetter heilt til VEKAO er ferdig i mars. Som VEKAOsjef får du velje din heilt eigne komité til å hjelpe deg gjennom året. Dei blir dine næraste støttespelarar, og hjelp med alt frå PR til Foto/Film til arrangement og mykje meir.
 
Du er motiverande, inkluderande og har evna til å samarbeide, delegere og kommunisere.
 
Har du det som trengs for å bli VEKAOsjef for 2021? Vil du vere ansvarleg for å arrangere Norges beste studentfestival?

SØK HER!

Søknadsfrist: 21.mai