SAMAN kjøper Meieriet!

SAMAN kjøper Meieriet!

Studenthuset Meieriet er ein studentorganisasjon som for det meste vert driven av frivilleg arbeid. Studenthuset er den største velferdsorganisasjonen for studentar i Sogndal, og arrangerer over 135 ulike arrangement årleg, der kring 40 av desse er konsertar. I november dette året fylte studenthuset vårt 20 år, noko som blei feira gjennom jubileumsdagar.

Fram til no har bygget berre vore leigd av Studentsamskipnaden på Vestlandet (SAMAN), men det vart det ein slutt på i dag då styret i Studentsamskipnaden på Vestlandet vedtok at studentskamskipnaden skal kjøpe Studenthuset Meieriet!  Dette kjøpet byr så klart på fleire moglegheiter og friare tøyler, og vi skal i denne samanheng pusse opp bygget våren 2019, noko som vil seie at vi må stenge av huset i deler av denne perioden.

Administrerande direktør ved Studentsamskipnaden på Vestlandet, Per Kristian Knutsen, har dette å seie om saka:

"For meg har det vært viktig å vise at fusjenon i 2017 har gitt bedre studentvelferd ved alle våre campus. I Sogndal er Meieriet en bærebjelke i studentmiljøet og jeg er imponert av all den aktivitet som skjer i dette bygget. Samtidig har jeg ved selvsyn sett at bygget trenger oppussing og skal vi bruke penger på det må vi eie bygget. Derfor er det å få et kjøp på plass viktig. Nå er vi enige med eierne og vårt styre har godkjent et kjøp, så alt skal ligge til rette for at vi i august neste år kan invitere til åpningen av et oppgradert Meieriet. Det fortjener studentene i Sogndal!"

Vi i styret på Studetnhuset Meieriet er veldig glade for denne fabelaktige nyhenda, og gler oss mykje til å sjå korleis huset vil endre seg i løpet av denne perioden.