GLADNYHENDE: Digitalisering av medlemskap!

GLADNYHENDE: Digitalisering av medlemskap!

Det har vore ganske så klart for både oss i styret, for alle som jobbar på Meieriet, og ikkje minst for våre medlem at ordniga vår på medlemsskapet med eit medlemssbevis har fungert dårleg i praksis. Vi har no ei løysing!

Vi har opplevd mange negative sider med ordninga vi har hatt fram til no. Til dømes er sjølve beviset lett å gløyme att heime, og det er fleire som adri vert henta på styrekonteret. Dette fører til at ein ikkje få dei godene ein skal ha på Meieriet. I tilegg har vi i styret somme gonger problem med å få ferdigstilt bevisa til våre medlem.

Spesielt det siste halvåret har dette vore eit problem, og vi i styret har difor sete oss ned og grubla over korleis vi kan løyse dette på ein betre måte. Løysinga vår er digitalisering av medlemsbevisa! Dette vil seie at medlemsnummeret vert lagt inn i strekkoden på Studentbevis-appen, slik at alt ein treng å ha med seg på Meieriet er mobiltelefonen, og så vise strekkoden til studentbeviset. Alt de som medlem treng å gjere er å sende "Låntakar-ID" som står på baksida av studentbevisa (døme: HVL:0123456 eller HSF:0123456) til Studenthuset Meieriet på Messenger/Facebook. Hjå nye medlem som kjøper medlemskap, vert medlemsnummeret lagt inn i appen automatisk. (Bli medlem her!)

Vi håpar og trur at dette vil løyse ein el av dei praktiske problema vi har opplevd rundt medlemskapsbevisa våre. Mobilen har ein alltid med seg, og ein treng ikkje uroe seg for å måtte hente eller gløyme medlemsbeviset. I tillegg vil det bli enklare å bruke rabattane som inngår i medlemskapet. Alt ein treng å gjere er å vise studenbeviskoden ved kjøp i butikkar Meieriet har rabattavtalar med.

 

Rabattavtalar

Som medlem på Studenthuset Meieriet får de goder hjå følgande:

Meatpoint - 10% (mat servert i restaurant til kl 23)

Telehuset - 15% (på tilbehør til mobil, data og telefon)

Paintball Sogndal - 210 kr (per person, per runde)

Lilly's frisørsalong - 10% (på klypp og varer)

Total Repairs - 15% (på reperasjon og feilsøking)

Nybø blomster og gartneri - 10%

LUX House - 10% (Beh)

Tingbui - 15%

Sport 1/Erling Fardal- 15%

Jernia - 10%