Bli medlem 19/20!

Vi opnar for kjøp av medlemskap 19/20 allereie laurdag 1. juni. Kjøper du medlemskap før skulestart 12. august, kostar det berre 250 kr. Det som vert nytt til neste års medlemskap er at alle medlem får tilgong til billettar ved slepp av til dømes faddervekene og haust-/vårslepp EIN TIME FØR ALLE ANDRE.

Bli medlem 19/20!

KJØP MEDLEMSKAP HER! 

Ved kjøp av medlemskap forpliktar du deg til:

Medlemsteneste

  • Som medlem i Studenthuset Meieriet forpliktar du deg til å jobbe på Meieriet ein kveld i løpet av studieåret. Dette kallar vi Medlemstenesta, og den er heilt ESSENSIELL for å kunne halde studenthuset ope.
  • Dersom du ikkje kan jobbe den gitte datoen, må du melde frå så tidlig som mogleg, slik at vi kan finne ein ny kveld til deg.
  • Du vil få melding om kva tid du er sett opp på arbeid minst ei veke på førehand, pluss ei påminning på sjølve arbeidsdagen.
  • Dei som ikkje møter til medlemsteneste utan å melde frå vil få medlemskapet sitt inndrege.

 

Du får:

  • Tilgong til alle undergruppene på Studenthuset Meieriet. Desse finn du ei oversikt over under "Bli med!".
  • Høve til å påverke organisasjonen både gjennom frivillig arbeid og engasjement, og gjennom generalforsamling.
  • Tilgong til alle billettar ved billettslepp av blant anna fadderveker og haust-/vårslepp ein time før alle andre. 
  • Rabatterte billettar til temafester, konserter og andre arrangement i regi av Studenthuset.
  • Rabattavtalar hjå våre samarbeidspartnarar. (Desse kan bli endra til neste skuleår). 
    • Meatpoint
      10% rabatt på mat servert i restaurant til kl 23. 
    • Sport1, Erling Fardal
      15% rabatt på alle varer, utanom salsvarer
    • Tingbui
      15% rabatt på alle varer, utanom salsvarer
    • Lilly´s frisørsalg
      10% rabatt på alle varer og klipp
    • Jernia
      10% rabatt alle varer, utanom salsvarer
    • Nybø Blomster og Gartneri
      10% rabatt på alle varer, utanom salsvarer og bestilte varer
    • Paintball Sogndal
      210 kr pr pers
    • Total Repairs 
      15% på rep. og feilsøking
    • LUX House
      10% (Beh)

 

Medlemskortet er personleg og skal KUN nyttast av deg sjølv. Brot på dette vil medføre inndraging av medlemskap. Hugs å ta med deg medlemskortet når du kjem på Meieriet, med mindre du har fått digitalisert medlemskapet. Då treng du berre "Studentbevis"-appen! 

 

KJØP MEDLEMSKAP HER!