Billettsalg - VEKAO 2017

Billettsalg - VEKAO 2017

Fredag 13. var ingen ulykkesdag på Meieriet, men heller ein gledens dag! Den flotte VEKAO-komitéen slapp nemleg alle artistane og arrangementa som tar plass under VEKAO 2017.

 

Billettane til konsertane vert lagt ut for sal måndag 16. januar kl 14! Du får kjøpt dei på både Fjordbok(Høgskulen), Styrekontoret på Meieriet og på nett(linticket). Det vert lagt ut eit visst antal på nett, og eit visst antal vert seld på Fjordbok og Meieriet. Vi oppmodar derfor om å stille seg i kø tidlig, for å vere sikker på at ein får tak i billett. 

Oversikt over konsertane:

Torsdag 9. mars: Kakkmaddafakka (270,-/320,-)

Fredag 10. mars: Vassendgutane (300,-/350,-)

Lørdag 11. mars: Daniel Kvammen (250,-/300,-)

Søndag 12. mars: John Olav Nilsen & Nordsjøen (250,-/300,-)

Måndag 13. mars: Odd Nordstoga (250,-/300,-)

Tysdag 14. mars: Skidagen med Daniel Engen and the Hugin band (200,-/250,-)

Onsdag 15. mars: Sondre Lerche + Miss Tati (200,-/250,-)

Torsdag 16. mars: Timbuktu & Damn! (350,-/400,-)

Fredag 17. mars: Kvelertak (250,-/300,-)

Lørdag 18. mars: deLillos (300,-/350,-)

 

Vi sjåast!