VEKAO

VEKAO 8-18. mars 2018! For alle heile VEKAO

I ti dagar til ende vert saftbygda Sogndal forvandla til eit fyrverkeri av kulturelle opplevingar! Med daglege arrangement på Studenthuset Meieriet og eit breitt mangfald av
aktivitetar i nærområdet, finn ein noko for ein kvar smak. På dagtid kan ein vere med på alt frå ølkurs til swingkurs, multisport, skileik og isbading, og på kveldane blir Meieriet fylt til randen når både norske og internasjonale artistar lagar fantastisk liv på scena!

VEKAO har fått rykte på seg for å ha ei av dei beste konsertscenene i landet – få konsertlokal klarar å slå Tanken når glade studentar, bygdafolk og andre tilreisande fyller den. Det er ikkje tilfeldig at både nasjonale og internasjonale artistar kjem att år etter år, og at mellom 6000-7000 personar årleg besøker VEKAO!

Følg VEKAO på facebookInstagram og SnapChat @vekaoisogndal