Om oss

Vedtekter Styrereferat

Meieriet er studenthus og konsertscene i Sogndal, og opna for første gong dørene i november 1998. DumDum Boys fekk æra av å spele dei første tonane på den nybakte scena.

Før Meieriet opna, hadde studentane brukt det som no går under namnet Gamlekroa, som hadde ein samla kapasitet på 123 personar, og ei takhøgde på ca 2 meter. Studentane jubla for opninga av eit massivt hus med 1000 kvm boltreplass! Meieriet tek namnet sitt frå bygget sitt bruk i gamle dagar, då det faktisk var eit Meieri.

Studentane har teke over bygget

Sidan den gong har Meieriet blitt brukt av studentane i Sogndal til mangt og mykje. Studentsamfunnet i Sogndal har sidan opninga stått for drift av huset. Tusenvis av timar med frivillig arbeidskraft vert lagt ned på huset kvart år. I 2015 endra Studentsamfunnet i Sogndal namn til Studenthuset Meieriet. 

Ei av landets beste studentscenar

I løpet av den korte, men svært så ambisiøse levetida, har Meieriet etablert seg som ei av landets beste studentscenar, og vart kåra til «Årets arrangør 2004″ av Rikskonsertane. Dette er vi sjølvsagt veldig stolte av!

Anten du er tidlegare student, ny student eller lokalbebuar i Sogndal er det meininga at Meieriet skal gje deg store musikkopplevingar og eit bra utelivstilbod.

Sidan opninga har fleire store artistar lagt sin elsk på scena i den vesle bydga, og Meieriet har blitt eit naturleg stoppunkt for artistar på turné. Gjennom åra har studentane fått store konsertopplevingar frå mellom andre Kent, Kaizers Orchestra, Xzibit, Karpe Diem og Nico & Vinz.