Billettinformasjon

Nettsal av billettar

Studenthuset Meieriet sel nettbillettar på meieriet.no, på facebooksida si og på LinTicket sin
app. Alle billettar er utstyrt med ein unik strekkode som vert scanna og kontrollert når du kjem i døra. Dersom du har motteke din/dine billettar på mail, oppfordrar vi å skrive dei ut på førehand, då bidreg du til at køa går fortare. Ver obs på at nettsalet stengjer èin time før arrangementet startar.

Direktesal av billettar

  • Billettar kan kjøpast på Styrekontoret i andre etasje på Studenthuset Meieriet.

Kontoret er bemanna man-fre mellom kl.14-18.

Kjøp på førehand – spar pengar!

Prisane på alle billettar stig dersom du ventar med billettkjøpet til du kjem i døra. Derfor er det lurt å kjøpa billett på førehand.

Kvifor gebyr?

Meieriet tek 20 kr i gebyr på alle billettar, anten du kjøper på nett eller i døra. Gebyret går til drift av billettsystemet og vedlikehald og oppgradering av billettutstyr.

Bruk medlemskortet som billett ved kjøp på nett

Er du medlem i Studenthuset Meieriet? Då kan du bruka medlemskortet som billett dersom du har kjøpt billetten på nett! Du treng verken utskrift av billett eller kredittkort. Strekkoden på medlemskortet fungerar som billett.

Alltid på våre arrangement

  • Det er 18 års aldersgrense og legitimasjonsplikt på alle arrangement på Meieriet dersom ikkje anna er oppgjeve.
  • Du kan verta avvist i døra utan gyldig legitimasjon.
  • Falsk legitimasjon og/eller bruk av andre sin legitimasjon vert meldt til politiet.
  • Dørene opnar kl. 21.00 (om ikkje anna er oppgjeve)
  • Billettar vert berre refundert ved avlysing.
  • Du må ha med medlemsbeviset i døra, dersom du har kjøpt medlemsbillett.

Spørsmål eller problem ved kjøp av nettbillett?

Kontakt arrangementsansvarleg på arrangement@meieriet.no