Styret

Styret på Studenthuset Meieriet består av sju personar som vert valt ved generalforsamling kvart vår. Styret består av: Styreleiar, nestleiar, økonomiansvarleg og divisjonsansvarlege for drift, arrangement, informasjon og kreativ

Styret har ansvar for den daglege drifta og aktivitetane som føregår i regi av Studenthuset. Styret jobbar for at studentane skal ha ein plass der dei kan samlast. Her kan du mellom anna oppleve heftige konsertar, få utfalde deg kreativt, eller kanskje du har lyst å prøve deg bak baren. Gjennom året handlar styret ut frå vedteke budsjett, handlingsplan, marknadsføringsplan og strategiplan for å tilby eit breitt studentsosialt tilbod. Studenthuset Meieriet er ein frivillig organisasjon og ingen av styremedlemmane får lønn eller honorar for innsatsen i styret.

Ørjan Nikolaisen Trovåg

Ørjan Nikolaisen Trovåg

Informasjon
Studie: Fornybar energi

info@meieriet.no
99581284