Quizen på Meieriet er noko av dei mest populære tilstellingane me har her på huset. Derfor føler me at det ikkje går å gjennomføra ei heilt vellykka Veka utan og ha nokon kveldar der quiz-gutta får utfolde seg på Laben.
Det vert heldt 5 quizar, fordelt utover dei 11 dagane av Studentveka. I tillegg til at det er vinnarar kvar quiz-kveld, vil det også vera ei turnering, der dei tre beste resultata til kvert lag blir med i tevlinga om hovudpremien.
Så for dei som er interesserte i å få tak i den feitaste premien, er det berre til å organisera seg eit quizlag, og møte opp på alle quiz’ane. For dei så bryr seg mindre om turneringa, så er det fult mogeleg å delta berre ein kveld i ”dann og vann”, og henta heim nokon flotte premiar akkurat som ein vanleg fredagsquiz.
Pubquiz! 14.02., 16.02., 19.02., 21.02. og 23.02
Billettpris: 10 kroner pr person.
Aldersgrense 18 år.
