Hei! Mitt namn er Hege Moen, og eg er fadderansvarleg 2010. Eg jobbar for at nye studentar i Sogndal skal få ein god velkomst, og bli gjort godt kjend med Sogndal som studiestad. Under faddervekene vil det bli mange ulike arrangement både på dag- og kveldstid, som vil gje deg moglegheit til å bli fort kjend med andre studentar. Det vil bli noko for ein kvar smak. Alt frå volleyballturneringar, basar, kino, grilling og toppturar til konsertar og temafestar på studenthuset Meieriet. Fadrane vil losa deg trygt gjennom dei to første vekene av studieåret, og vise deg rundt på Høgskulen og i Sogndal sentrum. Du vil bli ein del av ei gruppe med studentar frå same studium som du sjølv skal begynne på, og fadrane vil ha ansvaret for kvar si gruppe. Ynskjer du meir informasjon sjekk ut Studenthuset Meieriet si heimeside: www.meieriet.no. Der finn du informasjon om konsertar, og arrangement du får moglegheit til å oppleve under faddervekene. Eg og alle fadrane gledar oss stort til det kjem nye studentar til Sogndal, og vi gledar oss til å introdusere dykk for det fantastisk studentmiljøet vi kan skryta av her i bygda. Dei første vekene av studieåret ditt skal vi gjere uforgløymelege! Velkommen skal du vere!
Har du spørsmål kan du kontakte fadderansvarlig Hege Moen på nestleiar@meieriet.no eller mob.48094277
