Sanggruppa

Syng du i dusjen, på bussen eller kor enn du er? Då er koret vårt den rette plassen for deg. Alle som ynskjer, kan komme å synge. Vi syng alle mogelege sangar, og alle kan kome med ynskjer, så er det opp til UGL å finne ut kva ein kan bruke. Gruppa treng mange sangglade studentar og det er ingen opptaksprøver. Syng med det du har!

Sanggruppa på Meieriet øvar gjennom heile året for å vise seg fram på ulike arrangement. Dette kan vere den årlege studentrevyen, pauseinnslag på quiz eller ein heilt eigen konsert på Meieriet. Øvingstidar blir sett opp etter ynskje og behov og leiar for gruppa har ansvaret for å finne eit passande øvingslokale kor man kan synge for full hals.

Som medlem av sanggruppa vil du få samarbeide med engasjerte sangglade studenter og videreutvikle deg sjølv som sangar. Gruppa har sitt eige budsjett som utelukkande går til sosiale aktivitetar for gruppa, det vere seg kinobesøk, god mat eller ein liten fest i godt lag. Som aktiv medlem av sanggruppa får du også moglegheiten til å vere med på aktivfestar og det årlege julebordet i regi av Studenthuset Meieriet.