Rollespel

Vi er gruppa på loftet. Som den mest myteomspunne gruppa på Meieriet er det ikkje alle som veit kva vi driv med. Vi tilbyr ein samlingsplass for deg som er interessert i Dungeons & Dragons, Warhammer Fantasy RPG, World of Darkness og andre rollespel. Bli med oss, prøv det ut - du kjem ikkje til å angre!

Rollespelgruppa samlast som oftest ein gong i veka. Då sett vi oss ned i sofaene på loftet og spelar det vi sjølv ynskjar. Vi har allereie et bredt utvalg spel å velge frå, men vi er sjølvsagt veldig åpne for å utvide horisonten og kjøpe inn nye spennande spel. Vi er ein god gjeng  -det er ikkje uten grunn at vi fleire gongar har blitt kåra til Årets Subkultur på Meieriet!  Her trengs det ingen forkunnskapar utover det at du kan lese, skrive og likar å ha det sosialt. 

Goder du får som medlem av Rollespelgruppa:

  • Moglegheit til å delta på interne medlemsfestar
  • Moglegheit for å delta på det årlege julebordet
  • Mogleghet til å leie kantina på Meieriet til private arrangement

Som medlem av Rollespelgruppa kan du delta på spelsamlingane så ofte du vil. Vi har eit eige budsjett som utelukkande går til sosiale aktivitetar, nye spel eller andre ynskjer frå gruppa. Her er det bare å slenge seg med. Ta kontakt med undergruppeleder for meir info!