Revy- og Teatergruppa

Vi jobbar med å setje opp den årlege studentrevyen i Sogndal. Er du glad i å skrive sketsjar, tulle og fjase, overdramatisere og kle deg ut kan vi tilby eit fantasifullt og artig miljø. Er du ein sprudlende og kreativ person gir vi deg ei scene å stå på!

I Revygruppa jobbar vi gjennom heile hausten og vinteren for å setje opp ein fantastisk studentrevy på våren. Dei siste åra har revyen blitt arrangert i løpet av studentfestivalen VEKAO, som garanterar god stemning! Vi samarbeidar og lagar heile revyen sjøl - her blir alle stemmer og ideer høyrde! Vi er ein god gjeng som siktar på å samlast ein gong i veka, men det varierar opp og ned i hyppigheit etter behov og ynskje. På Meieriet disponerar vi eit stort lager med kostymer, parykkar og props som vi står fritt til å bruke, og vi har et eige budsjett vi brukar på sosiale aktivitetar og samankomstar heile året!

Som aktiv medlem i Revy- og Teatergruppa får du utfolde deg kreativt i eit inkluderande og inspirerande miljø! I tillegg får du også moglegheiten til å vere med på aktivfestar og det årlege julebordet i regi av Studenthuset Meieriet.