Foto- og Filmgruppa

Vi er gjengen som dokumenterar det meste av aktivitetar på Meieriet gjennom ei kameralinse. Vi har tilgang på profesjonelt kamera- og videoutstyr på huset, og anten du er ein dreven fotograf eller berre er nysgjerrig og vil lære meir om fotografi, er du hjarteleg velkomen i gruppa!

Likar du å fange små og store augneblink på film? Er du oppteken av meir enn bare enkle selfies? Då er dette gruppa for deg! Foto- og filmgruppa er ein flittig gjeng som dokumenterar små og store arrangement i regi av Studenthuset. Vi er på plass på så mange aktivitetar som mogleg, anten det er innandørs på temafest i faddervekene, eller utandørs på multisport i VEKAO. Vi tek tett-på-bildar av artistane under konsertar, tek stemingsbildar av publikum og står for filminga av promovideoane for Studenthuset Meieriet - det er kun oss sjølv som begrensar kva oppdrag vi tek på oss!

Vi har profesjonelt kamera- og videoutstyr, inkludert ein heilt ny SteadyCam. I tillegg har vi eit eige arbeidsrom med topp redigeringsutstyr til bilete og filmar. Alt dette for å sikre at vi får best mogleg kvalitet på alt vi gjer.  

 Goder du får som medlem av Foto- og filmgruppa:

  • Tilgang til kamera- og videoutstyr
  • Tilgang til redigeringsprogram
  • Moglegheit for lån av utstyr
  • Moglegheit til å delta på aktivfestar og julebord
  • Mogleghet til å leie kantina på Meieriet til private arrangement
  • Attest, som ser bra ut på CVen

Som medlem av foto- og filmgruppa får du utfolde deg kreativt og lære mykje om fotografikunsten. Vi er ein lærevillig og sosial gjeng, og som gruppe har vi eit eige budsjett som utelukkande går til sosiale aktivitetar for gruppemedlemmane. 

Frivillig - fett uansett!