Bandgruppa

Vi er Meieriet sine (framtidige) rockestjerner. Hjå oss får du tilgang på eit flott øvingsrom, fullt av instrument og utstyr. Som medlem av bandgruppa får du moglegheit til å vise deg fram på bandstand, anten som ein del av eit band, eller som soloartist. Bli med i vårt musikalske miljø!

Anten du er på jakt etter eit band eller er ein soloartist som treng nokon å øve med, kan du bli med i bandgruppa og finne det du leitar etter. I bandgruppa har vi plass til alle musikalske sjeler, uansett dugleiksnivå! To gonger i året arrangeres Bandstand på Meieriet, kor vi i bandgruppa får moglegheiten til å vise frem kva vi har øvd på, anten det er eigenprodusert materiale eller coverlåter.

Goder du får som medlem i bandgruppa er:

  •  Tilgang til eige øvingsrom
  •  Moglegheit for bruk av instrument og utstyr
  •  Vise deg fram på Bandstand ein gong i semesteret
  •  Moglegheit til å delta på aktivfestar og julebord
  • Mogleghet til å leie kantina på meieriet til private arrangement

Bandgruppa held til i tredje etasje på studenthuset. Her har vi et eige øvingsrom med ein komplett backline og det ein måtte trenge av utstyr og instrument til all slags musikalsk utfoldelse. Som medlem av bandgruppa kan du bruke øvingsrommet fritt så ofte du sjølv ynskjer heile året! Er noke av utstyret i ustand eller du føler det manglar noke, kan du gi lyd til leiaren av bandgruppa, så fiksas det så fort som mogleg. Vi har ein eigen avtale med musikkbutikken Loftet, som sikrar oss tilgang på kvalitetsutstyr til ein kvar tid. 

Bandgruppa har eit eige budsjett som utelukkande går til sosiale aktivitetar for sine medlemmar. Dette kan vere alt frå kinobesøk til utflukter eller vin- og vinylkveldar. Som medlem av bandgruppa får du også moglegheit til å delta på aktivfestar og det årlege julebordet i regi av Studenthuset Meieriet.

 

Booking av bandrom