Kreativ

Denne divisjonen inneheld undergrupper for den som vil utfordre sin eigen kreativitet
og oppnå små og store mål. Anten det er å spele konsert for fullt hus på Bandstand
eller det er å hekle ein duk i godt selskap.

Bandgruppa

Bandgruppa

Vi er Meieriet sine (framtidige) rockestjerner. Hjå oss får du tilgang på eit flott øvingsrom, fullt av instrument og utstyr. Som medlem av bandgruppa får du moglegheit til å vise deg fram på bandstand, anten som ein del av eit band, eller som soloartist.

Dansegruppa

Dansegruppa

Vi er Meieriet sine (nåverande) dansestjerner, og møtes ein gong i veka for å planlegge, koreografere og øve saman. Vårt hovudfokus er at alle skal få vere med uansett tidlegare erfaring. Bli med i eit sosialt, kreativt og inkluderande miljø.

Foto- og Filmgruppa

Foto- og Filmgruppa

Vi dokumenterar det meste av aktivitetar på Meieriet gjennom ei kameralinse. Vi har tilgang på profesjonelt kamera- og videoutstyr, og anten du er ein dreven fotograf eller berre nysgjerrig og vil lære meir om fotografi, er du hjarteleg velkomen i gruppa.

Revy- og Teatergruppa

Revy- og Teatergruppa

Vi jobbar med å setje opp den årlege studentrevyen i Sogndal. Er du glad i å skrive sketsjar, tulle og fjase, overdramatisere og kle deg ut kan vi tilby eit fantasifullt og artig miljø. Er du ein sprudlende og kreativ person gir vi deg ei scene å stå på!

Rollespel

Rollespel

Vi er gruppa på loftet. Som den mest myteomspunne gruppa på Meieriet er det ikkje alle som veit kva vi driv med. Vi tilbyr ein samlingsplass for deg som er interessert i Dungeons & Dragons, Warhammer Fantasy RPG, World of Darkness og andre rollespel.

Sanggruppa

Sanggruppa

Syng du i dusjen, på bussen eller kor enn du er? Då er sanggruppa vår den rette plassen for deg. Vi syng alle mogelege sangar, og alle kan kome med ynskjer. Gruppa treng mange sangglade studentar og det er ingen opptaksprøver. Syng med det du har!