IT-gruppa

Vi er ei lita gruppe som driv med oppdatering og vedlikehald av meieriet.no, samt andre datarelaterte oppgåver på huset. Er du interessert i dataelektronikk, er samarbeidsvillig og fleksibel er dette gruppa for deg.

 

Godene du får som medlem i IT-gruppa er: 

  • Moglegheit til å delta på aktivfestar og julebord
  • Moglegheit for å leie kantina på Meieriet til privat arrangement
  • Attest for frivillig arbeid, som ser kjempebra ut på CVen 

 

I tillegg disponerar IT-gruppa eit eige budsjett som blir nytta til sosiale aktivitetar innad i gruppa. Dette kan vere alt frå filmkveldar på Tanken, til å reise på utflukter - alt etter gruppa sitt eige ynskje.

Du bestemmer sjølv kor ofte du har lyst til å jobbe, men for å få aktivgodene må du jobbe ein gong i månaden. 

Frivillig - fett uansett!