Vaktmestergjengen

Vi er gjengen som held oss i skuggane, ikkje fordi vi er mystiske, men fordi det har gått ei lyspære der. Likar du å fikse og trikse, skru og ordne, og ikkje er framand for eit slag kort etter endt vakt, så er dette gjengen for deg.

Vaktmestergjengen vil ha flittige, hardtarbeidande og hyggjelege personar som vil vere med å halde studenthuset ved like. Som vaktmester på Meieriet jobbar du kvar onsdag med små og store oppgåver som må fiksast. Arbeidstida varierar alt etter kor mykje som må gjerast, men i utgangspunktet jobbar ein ca. tre timar i veka. 

Arbeidsoppgåvene varierar frå veke til veke. Lyspæreskifting, snekring, fiksing, snømåking, hagearbeid og måling er noko av det vaktmestarane må bryne seg på kvar veke. Gjengen er veldig sosial, og etter endt vakt samlast dei på kontoret sitt og spelar kort eller brettspel, høyrer på musikk og kosar seg med mat og drikke. 

Godene du får som aktiv i Bar- og Vaktgjengen er:

  • Gratis inngang på alle ordinære diskokveldar
  • 25% på alle arrangement i regi av Studenthuset Meieriet
  • Gå forbi køen på alle arrangement før kl.00:30
  • Moglegheit til å delta på aktivfestar, julebord og blåtur
  • Gratis bruk av kantina på Meieriet til private arrangement
  • Attest for frivillig arbeid, som ser kjempebra ut på CVen 

I tillegg disponerar Vaktmestergjengen eit eige budsjett som blir nytta til sosiale aktivitetar innad i gruppa. Dette kan vere alt frå filmkveldar på Tanken, til pizza på kontoret - alt etter gruppa sitt eige ynskje.

Du bestemmer sjølv kor ofte du har lyst til å jobbe, men for å få aktivgodene må du jobbe fire gonger i månaden, med visse unntak. 

Frivillig - fett uansett!