Kafégjengen

Vi held Kafè Laben open på dagtid, og serverar studentane heimelaga mat og drikke. Her kan du lære deg baristakunstar og få vere med å skape ein koseleg samlingsplass. I tillegg kan du bli med på å gjennomføre Kulturkafè med ulike tema.

Kafè Laben søker studentar som er serviceinnstilte og glade i å lage mat og kaffedrinkar til å bli med i kafègjengen til  Meieriet. Som medlem får du moglegheit til å halde kafèen open og servere studentar gode og enkle matrettar og andre kafèvarer. Medlemmane har ansvar for at lokalet er presentabelt, at det blir kjøpt inn mellom anna matvarer og aviser, og at bingoverten gjennomfører bingo kvar fredag. 

Kafèen er open onsdag - laurdag mellom kl 14 og kl 18. Her kan studentane komme innom og ta ein rimeleg matbit, lese avisa og ta deg ein god kopp kaffe. Eller så kan ein ta med seg vennene sine og spele brettspel, kort eller playstation. Vi har og bordtennis og dart!

Annakvar onsdag vil det bli arrangert Kulturkafé, her får du som medlem vere med å bestemme kva tema skal vere. Om du interesserer deg for strikking, maling, snekring, scrapbooking eller noko anna du vil dele med andre, er det berre å bli med i kafègjengen.

Godene du får som aktivt medlem i Kafègjengen er: 

  • Gratis inngang på alle ordinære diskokveldar
  • Halv pris på alle arrangement i regi av Studenthuset Meieriet
  • Gå forbi køen på alle arrangement før kl.00:30
  • Moglegheit til å delta på kurs som til dømes baristakurs
  • Moglegheit til å delta på aktivfestar, julebord og blåtur
  • Moglegheit til å leie kantina på Meieriet til private arrangement
  • Attest for frivillig arbeid, som ser meget bra ut på CVen 

I tillegg disponerar Kafégjengen eit eige budsjett som blir nytta til sosiale aktivitetar innad i gruppa. Dette kan vere alt frå filmkveldar på Tanken, til å reise på utflukter - alt etter gruppa sitt eige ynskje.

Du bestemmer sjølv kor ofte du har lyst til å jobbe, men for å få aktivgodene må du jobbe fire gonger i månaden, med visse unntak. 

Frivillig - fett uansett!