Drift

Drift er den største divisjonen på Studenthuset Meieriet og gjer det mogeleg å halde huset åpent.
Dei betjener baren, syter for vakthald, held huset i orden, og mykje meir.

Bar- og Vaktgjengen

Bar- og Vaktgjengen

Vi er den største undergruppa på Studenthuset Meieriet, og jobber på kveldstid. Hjå oss finn du dei som serverar alt frå øl og vin, til brus og kaffi i Meieriet sine barar, og dei som sørgar for at gjestane har det bra.

DJ-gruppa

DJ-gruppa

Vi spelar musikk og sørgar for god stemning på dansegulvet. Hjå oss får du tilgang på bra utstyr, kursing frå profesjonelle dj-ar, samt eit øvingslokale for å utvikle dine evner. Vil du styre musikken på Meieriet, da er dette gruppa for deg.

Kafégjengen

Kafégjengen

Vi held Kafè Laben open på dagtid, og serverar studentane heimelaga mat og drikke. Her kan du lære deg baristakunstar og få vere med å skape ein koseleg samlingsplass. I tillegg kan du bli med på å gjennomføre Kulturkafè med ulike tema.

Lyd- og Lysgjengen

Lyd- og Lysgjengen

Vi jobber i kulissane og riggar lyd- og lysutstyr til konsertar. Hjå oss får du kyndig opplæring i alt utstyret som nyttast i eit sceneoppsett, og du får leike deg med laser, røyk heftige effektar for å skape den ultimate konsertopplevinga.

Vaktmestergjengen

Vaktmestergjengen

Vi er gjengen som held oss i skuggane, ikkje fordi vi er mystiske, men fordi det har gått ei lyspære der. Likar du å fikse og trikse, skru og ordne, og ikkje er framand for eit slag kort etter endt vakt, så er dette gjengen for deg.