VEKAO

VEKAO er Meieriet sin store studentfestival. Ti dagar til ende med konsertar, stand-up, revy, dagaktivitetar, fest og mykje moro. Følg med på Meieriet gjennom året, for å finne ut korleis du kan bidra til Norges beste studentfestival.

Me treng ivrige og engasjerte studentar for å få til ein god studentfestival. Som student i Sogndal har du moglegheiten til å bidra til VEKAO på mange forskjellige måtar. Studenthuset Meieriet vil i løpet av året legge ut søknadsskjema der du anten kan søke deg inn i VEKAOkomitèen, som har overordna ansvar for festivalen, eller du kan vere frivillig under festivalen på dag- eller kveldstid. 

Under VEKAO blir det daglege arrangement på studenthuset Meieriet og eit breitt mangfald av aktivitetar rundt omkring i nærområdet. VEKAO har rykte på seg for å ha ei av Noregs beste konsertscener, få konsertlokale klarar å slå Tanken når festglade studentar fyller den under studentveka. Det er ikkje for ingenting at mange artistar kjem igjen til Meieriet og Sogndal, og at mellom 5000 og 7000 personar vitjar festivalen.

VEKAO vert planlagd og gjennomført av studentane, og er eit arrangement som famnar heile bygda. Alle som er med og arrangerer festivalen, gjer dette på frivillig basis. VEKAO har eit breitt spekter av kulturtilbod med mellom anna konsertar for einkvar musikkentusiast, foredrag, kurs som sprer seg frå ølkurs til swing, skileik og leikar. 

Godene du får som VEKAOfrivillig er: 

  • Halv pris på alle arrangement under festivalen
  • Gå forbi køen på alle arrangement under festivalen før kl.22:30
  • Moglegheit til å delta på frivilligfest
  • Attest for frivillig arbeid som ser kjempebra ut på CVen 

 

VEKAO SIN EIGEN HEIMESIDE