Quizgjengen

Quizgjengen arrangerer dei ekstremt populære quizkveldane på Meieriet. Vårt mål er at ingen quizkveld skal vere lik ein annan, og søker difor folk med ulike interesser til å lage og presentere quiz for eit fullsatt studenthus.

Er du glad i quiz, fantasifull og god på å formidle så er dette gruppa som ser etter deg. I quizgruppa ynskjer me å ha medlemmar med ulike interesser og innfallsvinklar for å skape varierte quizar for studentane kvar torsdag. 

Som medlem i quizgjengen har du ansvar for å ferdigstille ein quiz før arbeidsdagen din som quizmaster, for så og presentere quizen. Det er viktig at ein quizvert har laga spørsmål som treff breidda i studentmassen, med varierte tema. Den dagen du er quizvert har du ansvar for å rigge til utstyret du skal bruke, og dele ut penn og papir til gjestene. Etter du har presentert quizen har du ansvar for å rette besvarelsane, presentere fasiten og dele ut premie til vinnarane.

Godene du får som medlem i quizgjengen er: 

  • Moglegheit til å delta på aktivfestar, julebord og blåtur
  • Moglegheit til å leie kantina på Meieriet til private arrangement
  • Attest for frivillig arbeid som ser kjempebra ut på CVen 

 

I tillegg disponerar quizgjengen eit eige budsjett som kan nyttast til sosiale aktivitetar innad i gruppa. Dette kan vere alt frå å reise på kino, til å reise på restaurant eller å ha fest - alt etter gruppa sitt eige ynskje.

Du bestemmer sjølv kor ofte du har lyst til å jobbe, men for å få aktivgodene må du arrangere èin quiz i månaden. 

Frivillig - fett uansett!