Festkulturgjengen

Vi pynter og gjer Meieriet klar for temafest. I tillegg får du moglegheit til å bestemme kva arrangement Studenthuset skal tilby. Har du ein god og kreativ idé, er det i denne gruppa du får realisert den.

Viss du er kreativ, likar å pynte, fikse og ordne, og vil at studentmassen skal ha det gøy er dette gruppa for deg. Du får ein arbeidsdag med oppgåver som varierar frå kunst- og handverk til organisatorisk arbeid. Det er kun kreativiteten som set grensene dine i festkulturgjengen. 

Som medlem av festkulturgjengen har du ansvar for å gjere i stand huset til temafestar. Dette inneber planlegging, innkjøp av utstyr, dekorasjon og generell gjennomføring av arrangementet.  Etter endt arrangement har festkulturgjengen ansvar for å rydde lokalet for dekorasjonar og andre effektar som har blitt brukt. 

I løpet av året er det fire faste arrangement som skal avholdast; Bierstube, Halloween, X-russefest og karaoke på 17. mai, og festkulturgjengen har òg ansvar for planlegging og gjennomføring av desse. Utanom dei faste arrangementa står du som medlem fri til å bidra med idear til nye temafestar og får på den måten vere med å forme arrangementstilbodet til Meieriet. 

Godene du får som medlem er: 

  • Arrangementet du har hjulpe med å sette i stand:
    • Gratis inngang
    • Gå forbi køen fram til kl.00:30
  • Moglegheit til å delta på aktivfestar, julebord og tematur
  • Mogleghet til å leie kantina til private arrangement
  • Attest for frivillig arbeid, som ser kjempebra ut på CVen 

 

I tillegg disponerar festkulturgjengen eit eige budsjett som kan nyttast til sosiale aktivitetar innad i gruppa. Dette kan vere alt frå å reise på kino, til å reise på restaurant eller å ha fest - alt etter gruppa sitt eige ynskje.

Du bestemmer sjølv kor ofte du har lyst til å jobbe, men for å få fyll nytte av godene bør du vere aktivt deltagande i gruppa. 

Frivillig - fett uansett!