Bar- og Vaktgjengen

Vi er den største undergruppa på Studenthuset Meieriet, og jobber på kveldstid. Hjå oss finn du dei som serverar alt frå øl og vin, til brus og kaffi i Meieriet sine barar, og dei som sørgar for at gjestane har det bra. Vi tilbyr eit stort sosialt nettverk og moglegheiten til å oppleve utelivet frå den andre sida.

I Bar- og Vaktgjengen søker me alle typar folk. Som den største undergruppa på huset  er det eit godt mangfald av medlemmar, og du kjem inn i eit positivt og samarbeidsvillig arbeidsmiljø. Bar- og Vaktgjengen jobbar på kveldstid og er essensiell for at huset skal haldast opent gjennom heile året. Arbeidsdagen din startast med eit informasjonsmøte, og å gjere huset klart for gjestene. Deretter jobbar du enten som barcrew eller trivselsvakt for at gjestene skal ha ein fin kveld. 

Som barcrew har du ansvar for servering av gjester, glassvask eller garderobeteneste. Vanlegvis rullerar du mellom desse postane. I baren tappar ein øl, skjenker vin og av og til får du moglegheit til å mikse drinkar av ulike slag. I alle desse postane kjem du tett på studentmassen, og får sjå utelivet frå ei anna side. 

Vaktene har ansvar for trivsel, sikkerheit og generelt at gjestene har det fint. Det er viktig å yte god service, smile og vere hyggjeleg slik at det òg er triveleg å vere på jobb. Meieriet har vaktpostar som det rullerast mellom, og faste postar som til dømes dørvakter som ynskjer gjestene velkommen. 

På ein arbeidsdag er det alltid ein vaktsjef, med lang erfaring på huset, som har det overordna ansvaret for huset og for dei som er på jobb. Dei jobbar for at det skal vere artig på jobb, og har ansvar for opplæring og delegering av oppgåver. Etter endt vakt, og huset er stengt, får alle som jobbar gratis mat og drikke

Godene du får som aktivt medlem i Bar- og Vaktgjengen er: 

  • Gratis inngang på alle ordinære diskokveldar
  • Halv pris på alle arrangement i regi av Studenthuset Meieriet
  • Gå forbi køen på alle arrangement før kl.00:30
  • Mogleghet til å delta på kurs, som drinkkurs og førstehjelpskurs
  • Moglegheit til å delta på bli-kjentfest, aktivfestar, julebord og blåtur
  • Moglegheit til å leie kantina på Meieriet til private arrangement
  • Attest for frivillig arbeid, som ser kjempebra ut på CVen 

 

I tillegg disponerar Bar- og Vaktgjengen eit eige budsjett som blir nytta til sosiale aktivitetar innad i gruppa. Dette kan vere alt frå filmkveldar på Tanken, til å reise på utflukter - alt etter gruppa sitt eige ynskje.

Du bestemmer sjølv kor ofte du har lyst til å jobbe, men for å få aktivgodene må du jobbe tre gonger i månaden. 

Frivillig - fett uansett!  

 

Allereie medlem?

Sett deg opp på jobb