Artistvertane

Artistvertane er gruppa for dei som ynskjer å komme tett inn på artistane som spelar på Meieriet. Medlemmane i denne gruppa fungerer som vertar for artistar og syter for at dei har det megakult under opphaldet.

Om du er omgjengeleg, serviceinnstilt og løysingsorientert er dette gruppa for deg. Arbeidsdagen din startar før artisten kjem til Meieriet og varer til artisten reiser frå studenthuset. Arbeidsoppgåvene er ekstremt varierte, og arbeidsdagen går derfor fort unna. I løpet av vakta di får du gratis mat og drikke. 

Som artistvert på eit arrangement får du moglegheit til å jobbe for og med artisten. Du har ansvar for å lese rider og oppfylle ei rekke varierte arbeidsoppgåver som følgje av den. Artistvertane skal på førehand av vakta si gjere klar backstage og gå til innkjøp av mat og drikke etter artisten sitt ynskje. Artistverten skal ta i mot artisten på ein hyggjeleg måte, og gi dei naudsyn informasjon om Sogndal, Meieriet og andre ting dei måtte lure på. Du har òg som artistvert ansvaret for at artistane har det fint på backstage, og må av og til fungere som backstagevakt. 

Godene du får som aktiv artistvert er: 

  • 25% på alle arrangement i regi av Studenhuset Meieriet
  • Gå forbi køen på alle arrangement før kl.00:30 i regi av Studenthuset Meieriet
  • Gratis inngang på ordinære diskokveldar
  • Moglegheit til å delta på aktivfestar, julebord og blåtur
  • Moglegheit til å leie kantina på Meieriet til private arrangement
  • Attest for frivillig arbeid, som ser kjempebra ut på CVen 

 

I tillegg disponerar artistvertane eit eige budsjett som kan nyttast til sosiale aktivitetar innad i gruppa. Dette kan vere alt frå å reise på kino, til å reise på restaurant eller å ha fest - alt etter gruppa sitt eige ynskje.

Du bestemmer sjølv kor ofte du har lyst til å jobbe, men for å få aktivgodene må du jobbe to gonger i semesteret. 

Frivillig - fett uansett!