Bli med!

I Sogndal har du som student mange moglegheiter til å engasjere deg i studentmiljøet. Studenthuset Meieriet er den største studentorganisasjonen i Sogndal og blir drive utelukkande av frivillige studentar.

Bli frivillig!

Bli medlem!

(Når ein blir medlem godtek ein vedtektene til Studenthuset Meieriet)

På Meieriet kan vi tilby eit bredt spekter av aktivitetar i 18 forskjellige undergrupper, kor det ikkje er noko krav til forkunnskapar. Vi gir grundig opplæring til alle frivillige, og du vil sitte att med ei god erfaring du kan ta med deg vidare. Meieriet gir deg den beste studietida!

 

Som medlem i Studenthuset Meieriet får du ein del fordelar som billigare billettar, mogelegheit til å vere med i dei fantastiske undergruppene vi har på bygget, mogelegheit til å stemme under generalforsamlinga, samt ein del rabattavtalar hos ulike bedrifter i sogndal. 

 

Freequent - 10%

Jernia - 10%

Nybø blomster - 10%

Sport 1 - 15%

Indre Sogn Mobil og Data - 15% (på reperasjon og feilsøking)

Lilly’s frisør - 10%

Tingbui - 15%

Telehuset - 15% (på tilbehør til mobil og data)

Mint Mote - 10%

Carlings - 20 %

 

Alle undergruppeledere

Frivillig - fett uansett!

Arrangement

I denne divisjonen finn du dei som arrangerer store og små arrangement på huset.
Alt frå store konsertar til karaoke.

Drift

Drift er den største divisjonen på Studenthuset Meieriet og gjer det mogeleg å halde huset åpent.
Dei betjener baren, syter for vakthald, held huset i orden, og mykje meir.

Informasjon

Studenthuset har ein eigen informasjonsansvarleg som skal vere organisasjonen sitt ansikt utad, og syte for god informasjonsflyt innad i organisasjonen. I tillegg er vedkommande øvstkommanderande for PR-gruppa og IT-gruppa.

Kreativ

Denne divisjonen inneheld undergrupper for den som vil utfordre sin eigen kreativitet
og oppnå små og store mål. Anten det er å spele konsert for fullt hus på Bandstand
eller det er å hekle ein duk i godt selskap.