Bli medlem!

Kjøp medlemskap HER!

Du forpliktar deg til:

Maurteneste

  • Som medlem i Studenthuset Meieriet forpliktar du deg til å jobba på Meieriet ein kveld i løpet av studieåret. Dette kallar vi Meierimaurtenesta, og den er heilt ESSENSIELL for å kunne halda studenthuset ope.
  • Dersom du ikkje kan jobba den gitte datoen må du melda frå så tidlig som mogleg, slik at vi kan finna ein ny kveld til deg.
  • Du vil få melding om kva tid du er sett opp på arbeid minst ei veke på førehand, pluss ei påminning på sjølve arbeidsdagen.
  • Dei som ikkje møter til maurteneste utan å melde frå vil få medlemskapen sin inndregen.

 

Du får:

  • Tilgong til alle undergrupper i Studenthuset Meieriet.
  • Moglegheit til å påverka organisasjonen både gjennom frivillig arbeid og engasjement, og gjennom generalforsamling.
  • Rabatterte billettar til temafester, konserter og andre arrangement i regi av Studenthuset.
  • Rabattavtalar hjå våre samarbeidspartnarar.
    • Sport1, Erling Fardal:
      15% rabatt på alle varer, utanom salsvarer
    • Tingbui
      15% rabatt på alle varer, utanom salsvarer
    • Lilly´s frisørsalg
      10% rabatt på alle varer
      10% rabatt på salsvarer i salongen
    • Jernia
      10% rabatt på alle varer, utanom salsvarer
    • Nybø Blomster og Gartneri
      10% rabatt på alle varer, utanom salsvarer og bestilte varer
    • Telehuset Sogndal
      15% rabatt på alt av tilbehør til data, mobil og telefoni

 

Medlemskortet er personleg og skal KUN nyttast av deg sjølv. Brot på dette vil medføra inndraging av medlemskap. Hugs å ta med deg medlemskortet når du kjem på Meieriet!